Hopp til innhold

Sikta i Veronica-saka vert sett fri frå varetektsfengsling

Mannen i 40-åra som er sikta for vald og falsk forklaring i Veronica-saka i Sogndal vert sett fri.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

IKKJE VIDARE VARETEKTSFENGSLING: Mannen i 40-åra som var sikta for falsk forklaring vert truleg sett fri fredag.

Foto: Christian Blom/Privat / NRK

Mannen har vore varetektsfengsla sidan 27. november i samband med ei narkotikasak som vart avdekt i samband med etterforskingsarbeidet i Veronica-saka.

– Han blir sleppt fri eller lauslaten innan utgangen av varetektsperioden som går ut laurdag. Eg reknar med at han blir sleppt fri fredag ettermiddag eller kveld når vi er ferdige med ein del gjeremål, seier politiadvokat Sissel Kleiven til NRK.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

SAKNA I TRE VEKER: Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen omkommen 14.november i Barsnesfjorden i Sogndal.

Foto: Privat

Mistenkeleg dødsfall

Veronica Heggheim Stegegjerdet vart 14. november funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal, etter å ha vore sakna i nær tre veker. Politiet har etterforska saka som mistenkeleg.

Mannen i 40-åra var truleg den som sist såg 22-åringen i live og vart sett på av politiet som kronvitne i saka. Dei to var kjærastar.

Først vart han sikta for falsk forklaring, men denne vart i desember utvida til også å gjelde vald mot kvinna. I tillegg er han sikta for omgang med kring ein kilo hasj.

– Det er narkotikasaka han er fengsla for og det er i narkotikasaka at retten har funne det naudsynt å fengsle han, så han ikkje øydelegg bevis, seier Sissel Kleiven.

Har ikkje endra sikting

– Ein ser det ikkje lenger som noko fare at sikta vil øydeleggje bevis om han blir lauslaten no, legg Kleiven til.

– Er det grunn til å tru at siktinga i Veronica-saka blir endra?

– Førebels er det ikkje gjort noko endring av siktinga. Kva som blir resultatet når etterforskinga er ferdig, vil vi sjå på når den tid kjem.

I Sogndal går etterforskinga framleis for fullt og det lokale lensmannskontoret har fått hjelp frå spesialetterforskarar i Kripos.

Erkjenner narkotikaforhold

Kleiven opplyser at mannen har erkjent dei faktiske forholda i samband med narkotikasaka han er sikta for, og at politiet langt på veg ser seg ferdige etterforsking av denne.

Etterforskingsstega som står att gjeld i all hovudsak siktingane i Veronica-saka.

– Vi har framleis att ein del undersøkingar som vi vil gjere, samt at vi ser føre oss at det er naudsynt med nokre fleire avhøyr. Men det arbeidet er ikkje av slik karakter at det er fare for at den sikta kan påverke desse undersøkingane, seier Kleiven.

– På høg tid

Forsvarar Trygve Staff meiner det er på høg tid at den sikta mannen blir sleppt fri.

– Han har sete fengsla for eit beskjedent narkotikaforhold som han har erkjent, og som han framleis erkjenner. Eg oppfattar det slik at han er sjekka ut av alle mistankar eller slikt knytt til dette pressa har kalla Veronica-saka, seier Staff.

Politiadvokat Sissel Kleiven ynskjer ikkje å kommentere uttalen om at mannen er sjekka ut av saka, og seier at siktingane står ved lag.

Forsvarer Trygve Staff

FORSVARER: Trygve Staff meiner det er på høg tid at klienten hans blir sleppt fri frå varetektsfengsling.

Foto: Dina Johnsen / NRK

– Eg ventar at siktingspostane som har tilknyting til Veronica blir lagt vekk, seier Staff.

Massiv belastning

Politiet har i dei føregåande fengslingsmøta prøvd å få inn ting rundt Veronica-saka i grunnlaget for varetektsfengslinga av din klient, utan å ha nådd fram i tingrettane.

– Det er rett. Tingretten i Sogn har heilt tydeleg slått fast at det ikkje har vore skjelling grunn til mistanke for at sikta har utøvd vald mot Veronica, seier Staff.

– Korleis har din klient opplevd det å vere sikta i denne saka?

– Eg trur nesten ingen kan forstå kva belastning han er utsett for. Veronica var ei kvinne som han hadde svært godt og nært forhold til. Ho forsvann og vart funnen død, og han vart fengsla utan moglegheit til å kommunisere med nokon. Han har sete veke etter veke etter veke, og samstundes visst at de i pressa særskilt har måtte kople det han har sete fengsla for til Veronica-saka. Noko som ikkje er rett.

– Det har vore massive belastningar på alle hald. Det er på høg tid at han no blir lauslaten, avsluttar Staff.