Hopp til innhold

Politiet om terror under sykkel-VM: – Me er avhengige av folks auge og øyre

BERGEN (NRK): Publikum blir avgjerande for å avdekka terror under Vestlandet sitt største arrangement nokon sinne.

Kjetil Øyri

FØREBUDD: – Det er vanskeleg å beskytta seg mot terror, seier prosjektleiar Kjetil Øyri i politiet.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

Når sykkel-VM kjem til Bergen i haust er det venta å kosta politiet aleine 30 millionar kroner.

Då har både Sivilforsvaret, byrådet i Bergen og lokalt politi allereie slått alarm og etterlyst større økonomiske bidrag frå hovudstaden.

Det er venta ein halv million tilreisande til Bergen.

Politioverbetjent og prosjektleiar Kjetil Øyri ber også publikum om å følga med. Prosjektleiaren seier politiet er avhengig av publikum for at tryggleiken rundt sykkel-VM skal vera sikker nok.

– Me er avhengig av auge og øyre der ute til å følgja med. Viss publikum reagerer på mistenkeleg oppførsel, ønskjer me sjølvsagt at dei varslar oss.

NM SYKKEL 2012 - GATERITT BERGEN

TERRORMÅL: Sykkel-VM i Bergen er eit av dei største idrettsarrangementa i verda og difor eit potensielt terrormål. Politiet i Bergen seier dei er avhengig av publikum for å sikra tryggleiken rundt folkefesten.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Hevdar å ha kontroll

Politiet har ikkje nok ressursar åleine til å «levera komplett tryggleik». Difor har dei bedt om bistand frå blant anna Heimevernet, Sivilforsvaret og Forsvaret.

– Det er vanskeleg å beskytta seg mot terror. Me er førebudd, i den grad me kan vera det, seier Øyri.

Vest politidistrikt fått tilført 26 millionar kroner ekstra frå Politidirektoratet. Øyri i politiet vil ikkje kommentera ressursinformasjon utover det.

Ingvar Seland

STEPPAR INN VED TRONG: Sjef ved Bergenhus heimevernsdistrikt, oberstløytnant Ingvar Seland, seier Heimevernet vil auka beredskapen under sykkel-VM.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

Heimevernet aukar også beredskapen under arrangementet.

– Me har eit par avdelingar som går i beredskap, dersom det skulle vera aktuelt med støtte til politiet, seier sjef ved Bergenhus heimevernsdistrikt, oberstløytnant Ingvar Seland.

Oberstløytnanten trur samarbeidet mellom Heimevernet og politiet vil fungera godt.

– Viss det skulle stå om liv og helse vil me reagera så fort som mogleg. I andre tilfelle har me ein god dialog gjennom dei meir formelle kanalane.

Publikum med nøkkelrolle i risikoanalyse

Prosjektleiar innan samfunnstryggleik og beredskap i Bergen kommune, Ivar Lunde, seier terrorhendingar er vurderte i risikoanalysen som blei gjennomført før sykkel-VM.

– Det å vera årvaken og varsla tidleg vil vera viktig. Ofte er det publikum som først oppdagar slike hendingar.

Difor får publikum ei sentral rolle når sykkeleliten dundrar over brustein gjennom bergensgatene. Lunde konkluderer også med at publikum vil få ei sentral rolle om det skulle oppstå farlege situasjonar.

– At publikum er vakne og ber om bistand tidleg, er eitt av tiltaka som har vist seg som sentrale i beredskapsanalysen me har gjennomført.

– Ny erfaring for oss

Politioverbetjent Kjetil Øyri, seier politiet er komne langt på veg, men understrekar at politiet tek fatt på ei omfattande oppgåve som skil seg frå andre arrangement politiet har hatt erfaring med.

– Me lever i ei verd der trugselbilete endrar seg heile tida. Det er sjeldan så store arrangement blir lagt til Bergen, og det er ei ny erfaring for oss. Men me meiner me har kontroll, og at politiet vil gje god tryggleik rundt arrangement.

NM SYKKEL 2012 - GATERITT BERGEN

NM I 2012: I september går verdas tredje største idrettsarrangement av stabelen i Bergen. Biletet viser Noregsmeisterskapen i Bergen i 2012.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix