Hopp til innhold

– Politikarane i Oslo forstår ikkje omfanget av sykkel-VM

Politiet, Sivilforsvaret og byrådet i Bergen er uroa for tryggleiken mindre enn eit halvår før sykkel-VM. I dag ytra byrådet bekymringane for fem departement i Oslo.

NM SYKKEL 2012 - GATERITT BERGEN

STOPPAR TRAFIKK: Store deler av Bergen blir heilt avstengt for trafikk i dei ni dagane sykkel-VM held på. Her frå eit tidlegare NM-ritt.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Regjeringa må forstå kor stort dette er. Politiet, Vegvesenet og Sivilforsvaret er berre nokre av dei statlege instansane som blir påverka av arrangementet. Fleire av desse vil ha trong for fleire ressursar, seier byrådsleiaren i Bergen, Harald Schjelderup (Ap).

Det er berre eit halvår til sykkel-VM blir arrangert i Bergen. Det blir det største idrettsarrangementet i Noreg sidan Lillehammer-OL i 1994.

Fleire har ropt varsku om kostnadane ved å sikre tryggleiken under arrangementet. Sist ut er Sivilforsvaret i Hordaland.

– Nokre gonger lurer eg på om folk forstår kva eit sykkel-VM eigentleg inneber, seier distriktsleiar Anne-Margrete Bollmann i Sivilforsvaret.

– Forstår ikkje omfanget

Så langt er det sett av tre millionar kroner til politiets arbeid under sykkel-VM. Politiet sjølv har anslått at dei har behov for opp mot 30 millionar.

I tillegg har fylkeskommunen og Vegvesenet anslått at dei manglar 15-20 millionar kronar.

– Mitt inntrykk er at politikarane i Oslo ikkje forstår omfanget av dette. Det blir sett på som eit lokalarrangement, sa Schjelderup før møtet i Oslo i dag.

– Men det er Noreg som skal arrangera sykkel-VM, sjølv om det skjer i Bergen. Difor må regjeringa syta for at statlege instansar får dei ressursane dei treng.

Schjelderup seier etter møtet at han trur behova blei høyrt, men at dei enno ikkje har fått fleire ressursar.

Harald Schjelderup

VIL HA HJELP: – Dette er ikkje eit lokalarrangement, seier byrådsleiar i Bergen Harald Schjelderup (Ap).

Foto: Sindre Helgheim / NRK

– Eit Oslo-VM ville fått anna prioritet

Politiet har bede Sivilforsvaret om å stilla med mellom 250 og 300 personar, i tillegg til køyretøy og utstyr i samband med meisterskapen.

Sivilforsvaret vil gjerne hjelpe, men heller ikkje dei veit korleis dei skal finansiera innsatsen, fortel distriktsleiar Bollmann.

Tysdag tek også ho bladet frå munnen og etterlyser ekstraressursar.

Laster Twitter-innhold

– Det verkar som om avstanden blir litt stor og at styresmaktene i Oslo ikkje forstår kor stort dette eigentleg er. Hadde sykkel-VM fått denne prioriteringa om det hadde blitt arrangert i Oslo? Det trur eg ikkje, seier Bollmann.

Bjørn Pollestad og Anna-Margrete Bollmann

KRITISK: Distriktssjef Anne-Margrete Bollmann i Sivilforsvaret.

Foto: Knut Arne Oseid

Sivilforsvaret manglar fleire millionar

– Slik det ser ut no, manglar me ein stad mellom fem og ti millionar kroner. Dette er langt unna dei summane politiet opererer med, men det er avgjerande at også Sivilforsvaret får tildelt ekstra løyvingar, seier Bollmann.

Bollmann sender i desse dagar eit prisoverslag over kostnadene til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Ho har fått tilbakemelding frå direktoratet om at ressursbehovet har fått høg prioritet.

– Eg synest det er seint. Kvifor det har teke så lang tid, skal ikkje eg svara på. Me er ein beredskapsorganisasjonen og er vane med å stilla store ressursar på kort varsel, men neste gong ein tek på seg eit så stort arrangement bør ein vera tidlegare ute.