Hopp til innhold

– Dei som kjenner folk kring om vil kunne identifisere desse

Politiet går ut med overvakingsbilete av personane dei meiner gjorde skadeverk i Førde sentrum natt til onsdag.

Skadeverk på Elvetorget i Førde

UNGDOMAR: Dette biletet vart tatt i 04-tida av personane som politiet meiner stod bak skadeverket i Førde sentrum natt til onsdag.

Foto: Politiet

– Eg trur nok at dei som kjenner personane på bileta, vil kunne kjenne dei att. Vi ynskjer tips om kven det kan vere, seier innsatsleiar hos politiet, Gunnar Englund.

Tagga fleire stader

Varebilen til Power i Førde.

TAGGA: Det vart tagga fleire stader i Førde sentrum natt til onsdag. Mellom anna firmabilen til Power.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Politiet står framleis på bar bakke i etterforskinga av skadeverket onsdag. I løpet av natta tok uvedkommande seg inn i dei nye lokala til Power i Elvegården. Berre ein drill vart stolen, men til gjengjeld vart vegger grisa til med spraymåling.

Det vart også tagga ved Amfi, og Steinar Aase hos Power fekk ei lita hyggeleg helsing tagga på firmabilen sin.

Steinar Aase

TRIST: Steinar Aase fekk ein kjedeleg start på arbeidsdagen onsdag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette kan fort få store konsekvensar for dei som står bak. Det kostar fort 10.000-20.000 kroner å reparere dette. Det er eigentleg berre trist, sa Aase til NRK onsdag.

Har gode bilete

Innsatsleiar Englund meiner det bør vere gode sjansar om å oppklare saka.

– Vi har nokre gode bilete frå overvakingskamera som viser kven personane er, truleg ungdomar. Vi har hatt kontakt med ein del ungdom, men har førebels ikkje lukkast med å identifisere gjerningspersonane, seier Englund.

– De sa onsdag at det ville snakke med nokre ungdomar. Kva kom ut av det?

– Vi har fått sjekka ut at dei ungdomane ikkje var her på det aktuelle tidspunktet.

Mistenkjer ungdomar

Ut frå kleda og kroppsfasong meiner politiet at videoopptaka viser at det er ungdomar som har vore på ferde. Då dei kom ut av lokala til Power kasta dei drillen i elva Jølstra.

– Den eine har boblejakke med hette. Den andre har ei vanleg jakke med hettegenser under. Begge har kvite sko, truleg Nike, seier Englund og håpar på hjelp frå publikum.

– Ein treng ikkje å vere sikre på kven det er, men vi vil gjerne høyre frå dei som meiner at dei kjenner att personane. Så blir det opp til oss å undersøke det på ein dertil skånsam måte, seier han.