Politiet har testa Vollvik sine munnbind: – Betre kvalitet enn frykta

Munnbinda til forretningsmannen Idar Vollvik held topp kvalitet, ifølgje testar. – Eg er letta, seier Vollvik.

Munnbindesker på titlestad

BESLAG: Politiet gjorde store beslag av munnbind under aksjonen mot Idar Vollvik sine lokale tidlegare i september.

Foto: Ragnar Tjøstheim / NRK

I ei pressemelding skriv Vest politidistrikt at Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) har testa kor effektiv den bakterielle filtreringseffektiviteten i seks av munnbinda som det er tatt beslag i.

– Testen viser at den bakterielle filtreringseffekten er på 98 prosent, som er det som er kravet for å merke munnbind med medisinske munnbind, seier politiadvokat Sigrid Sulland til NRK.

Testane kjem etter at forretningsmannen Vollvik vart pågripen av politiet 1. september. Han vart sikta for oppakking og feilmerking av munnbind, som er selt gjennom fleire nettbutikkar.

Sjølv forklarte han at han hadde pakka om munnbind frå 50-pakningar til 10-pakningar, og vedgjekk å ha tatt for lett på merkinga.

Likevel nektar han straffskuld.

– Det ligg ingen vinningshensikt bak, sa seriegründeren til NRK dagen etter han blei lauslaten.

Idar Vollvik med munnbind fra Ludostore

SIKTA: Idar Vollvik er framleis sikta i saka.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Politiet: – Betre enn frykta

Munnbinda er testa for kor effektive dei filtrerer bakteriar. At effektiviteten er så høg, har likevel ikkje noko å seie for siktinga mot Vollvik, seier politiadvokat Sulland.

– Politiet er glade for at resultata kan tyde på at munnbinda som er ommerka har ein betre kvalitet enn frykta. Det er likevel berre den bakterielle filtreringseffektiviteten som er testa. Det er ei rekke andre krav som vert stilt at eit munnbind kan CE-merkast som medisinsk munnbind av type I, II eller IIR.

Politiet legg til at det berre er den bakterielle filtreringseffektiviteten som er testa, og at det er ein rekkje andre krav bak ei CE-godkjenning.

– Testrapporten kan derfor ikkje gi ei endeleg vurderinga av kvaliteten på munnbinda, heiter det i pressemeldinga.

Vidare meiner politiet at Vollvik har merka ikkje-medisinske munnbind som medisinske munnbind. Ommerking er ulovleg uavhengig av om munnbinda har betre kvalitet enn den opphavlege merkinga tilseier, skriv dei.

Vollvik: – Eg er letta

Vollvik sjølv seier at han ikkje er overraska over testresultata.

– Eg er veldig letta over å ha fått bevist kvaliteten på munnbinda, seier han.

Han reagerer på korleis politiet kommuniserer testresultata.

– Testresultata er ikkje berre betre enn frykta, som politiet seier. Testane viser at munnbinda held den aller høgaste kvaliteten, seier han.

Vollvik seier at fakturaane han har fått frå dei utanlandske leverandørane som han har kjøpt munnbinda, viser at det er høg kvalitet på munnbinda.

– Det er denne vara vi har bestilt, fått og seld vidare. No ventar på vi vidare etterforsking, så utover det vil eg ikkje kommentere saka meir, seier Vollvik.

Bærer esker med munnbind Idar Vollvik

AKSJON: 1. september gjekk politiet til aksjon mot fleire lokal som Idar Vollvik disponerer.

Foto: Leif Rune Løland / NRK