Hopp til innhold

Uvisst kor lenge Bergensbanen vil vere stengd – lokomotivet blir tidlegast henta ut tysdag

Oppryddingsarbeidet er i gong etter godstogulukka ved Arna stasjon. Lokomotivet blir henta ut tidlegast tysdag.

Bilete av ulykkesstad etter togavsporing

ENORM KRAN: Slik ser det ut ved Arnanipatunnelen måndag morgon.

Foto: Åge Algerøy / NRK

SISTE: Bergensbanen er framleis stengd mellom Arna og Vaksdal etter avsporinga fredag. Lokomotivet blir ikkje henta ut av tunnelen måndag.

Frå laurdag natt og utover søndag har mannskap rydda på åstaden etter godstogulukka fredag. Ei svær kran, fleire store anleggsmaskiner og ein lift vart tekne i bruk.

– Ei mobil kran heiser konteinarane frå dei øydelagde godstogvognene, fortel pressevakt i Bane Nor, Anne Kirkhusmo.

Ho kan ikkje seia kor lang tid oppryddingsarbeidet vil ta, men seier at dette vil ta tid.

– Lokomotivet blir ikkje henta ut i dag. Politiet og Statens Havarikommisjon gjer undersøkingar og dei må frigi skadestaden først, seier ho til NRK måndag.

Les også Store skadar etter at godstog spora av – tog med 200 passasjerar var i same tunnel

Togulykke i Bergen

Inntil vidare må passasjerar som skal ta regiontog, ta buss for tog mellom Bergen og Voss.

Lokaltoga derimot, startar opp att måndag morgon og vil gå som normalt mellom Bergen og Arna.

Frå Arna går det buss for tog til Dale, og så går lokaltoget vidare til Voss eller Myrdal, opplyser Vy til NRK.

Opprydningsarbied ved Arna Stasjon. Heisekran.

Ei kran heisar konteinarane frå dei øydelagde godstogvognene.

Foto: Oskar Rennedal / NRK
Opprydningsarbeid ved Arna stasjon

Oppryddingsarbeidet starta søndag ved Arna stasjon.

Foto: Oskar Rennedal / NRK
Opprydningsarbeid ved Arna stasjon

Bane Nor seier at opprydningsarbeidet vil ta tid.

Foto: Oskar Rennedal / NRK
Buss for tog

Mellom Bergen og Vaksdal er det sett opp buss for tog. Det er uvisst kor lang tid det vil ta før sporet er rydda og toga går att.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Havarikommisjonen ferdig på staden

Søndag var Havarikommisjonen ferdig med sine undersøkingar av åstaden.

– No startar arbeidet med å sette saman informasjonen vi har samla for å forstå kvifor dette kunne skje, seier Ida H. Grøndahl, avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon.

Før hendinga blei det tatt eit naudanrop, opplyser kommisjonen. Dei vil kartlegge kva som skjedde og kvifor toget ikkje stoppa som venta.

I staden køyrde det på raudt lys.

Havarikommisjonen har konkludert med at passasjertoget som stansa lenger inne i tunnelen gjorde det «om lag 1 km frå godstoget», og ikkje 500 meter som tidlegare er blitt opplyst av naudetatar til pressa.

– Vi vil komme med nøyaktig avstand i rapporten vår. Om lag ein kilometer unna, pluss- minus 100 meter, er det mest nøyaktige vi vil gå ut med no, seier Grøndahl til NRK.

Dronebilde ulukka Arna

Havarikommisjonen delte søndag dette dronebildet av ulukkestoget.

Foto: Statens havarikommisjon

Hentar ut lokomotivet

Tidlegast tysdag skal politiet, Bane Nor og Havarikommisjonen få ut lokomotivet som ligg velta inne i Arnanipatunnelen ved Arna stasjon.

– Vi vil ha krimteknikarar til stades. Det er eit stort arbeid, seier påtaleansvarleg Anja Mathiesen i Vest politidistrikt til NRK.

Bane Nor stadfestar at dette vil skje tidlegast tysdag.

Lokomotivet inne i tunnelen

Lokomotivet hamna inne i Arnanipatunnelen etter avsporinga ved Arna stasjon fredag. Det blir det henta ut tidlegast tysdag.

Foto: Havarikommisjonen

Fryktar 3000 liter olje og diesel hamnar i sjøen

I tillegg til skader på staden har det begynt å renne olje gjennom eit dreneringsrøyr nær Arna stasjon og ned i Arnavågen.

Søndag var brannvesenet på staden for å legge ut lenser for å fange opp olja.

– Det er potensielt kanskje opp til totalt 3000 liter transformatorolje frå og diesel som har rent ut frå ulike vogner på togsettet. Vi veit ikkje kor mykje som har rent ut, seier Jostein Steinsland Hauge, vaktleiar i 110-sentralen

– Det er aldri bra at diesel og olje kjem ut i naturen. Brannvesenet har hjelpt til i akuttfasen, legg han til.

Togavsporing opprydning Arna

Brannvesenet la søndag ut lenser for å fange opp oljesøl etter godstogulukka.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Mistenkte samarbeider med politiet

Lokomotivet velta i Arnanipatunnelen og lokføraren blei lettare skada. Han har status som mistenkt i saka, saman med ein kollega i Onrail, som var med på å klargjere toget.

Dei er mistenkte for å aktlaust kalle fram fare for ålmenta eller å medverke til dette. Begge blei avhøyrde av politiet laurdag ettermiddag og kveld. Ingen av dei er sikta.

Politiet opplyser at dei vil halde fram etterforskinga si og at saka framleis er i ein innleiande fase.

– Dei har samarbeidd med politiet og forklart seg. Vi har fått opplysningar vi ser på som viktige for saka, seier påtaleansvarleg Anja Mathiesen i Vest politidistrikt til NRK søndag kveld.

Påtaleansvarlig Anja Mathiesen

Anja Mathiesen er påtaleansvarleg ved Vest politidistrikt.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Politiet har også mottatt ein overvakingsvideo av avsporinga frå Bane Nor, melder BT.