Hopp til innhold

Store skadar etter at godstog spora av – tog med 200 passasjerar var i same tunnel

Store styrker frå naudetatane rykte ut etter at eit godstog spora av ved Arna stasjon. Eit passasjertog på veg i motsett retning stoppa 500 meter frå ulukka.

Togulykke i Bergen
Foto: Paul S. Amundsen / NTB Scanpix

Lokomotivet på eit godstog spora av på Bergensbanen ved Arna stasjon i 19-tida fredag.

Godstoget spora av på ein sporveklsar, stadfestar cargo-selskapet Onrail, som eig godstoget, til NRK.

Lokomotivet hamna inni Arnanipatunnelen, mens mange av dei 25 godsvognene krølla seg saman med ein «trekkspel-effekt» rundt tunnelopninga.

Godstoget var på veg austover frå Arna stasjon i retning Oslo då avsporinga skjedde.

Inni tunnelen kom eit passasjertog frå Vy vestover med 200 passasjerar om bord. Dei var på veg frå Oslo til Bergen.

– Toget enda opp og står 500 meter frå ulukka inne i same tunnel som ulukka skjedde, seier Hans Petter Nilsen, innsatsleiar for brannvesenet på staden, til NRK.

I 21.30-tida opplyser Vy at passasjerane skal sleppe å gå ut av tunnelen. Arbeidsmaskinar frå Bane Nor skal trekke toget ut med passasjerane om bord.

Bergensbanen er stengd og alle tog er innstilt mellom Bergen og Vaksdal.

Toget med passasjerane vart før midnatt frakta ut av tunnelen, ifølge BA.

Samtidig er krimteknikere fra politiet på vei for å drive åstedsundersøkelser.

Godstogskollisjon i Arna 2

TREKKSPEL-EFFEKT:

Foto: jørgen kvamme / jørgen kvamme

«Trekkspel-effekt» på godsvognene

Avsporinga ved Arna stasjon skal ha ført til ein «trekkspel-effekt» på godstoget, der vognene har krølla seg oppover fjellsida ved inngangen til togtunnelen.

– Avsporinga og skadane blir ekstra store då det skjedde ved innkøyringa til tunnelen. Då har mykje av toget treft fjellveggen og det blir omfattande skadar, seier Henning Aandal i Onrail.

Han opplyser at det var éin person om bord i toget, og at vedkomande ikkje er alvorleg fysisk skadd.

Heller ikkje politi og brannvesen har registrert nokon personskadar.

Naudetatane er på plass.

Naudetatane er på plass.

Bad folk halde att vindauga

Alle naudetatane rykte ut med store styrker til begge sider av tunnelen, og tok seg inn i tunnelen.

Vognene vart sjekka for farleg gods, då det nesten alltid er dette på godstoga til Onrail på Bergensbanen, opplyser selskapet til NRK.

I samband med dette sende politiet sende ut naudmelding lokalt der dei bad folk halde seg inne og halde vindauga lukka. Det blei oppretta ei tryggingssone på 500 meter rundt Arna stasjon.

Naudmelding etter godstogulukke

Naudmelding i Arna klokka 20.26

Foto: Skjermdump

– Står fram som alvorleg ulukke

Politiet fekk meldinga om hendinga klokka 19.15.

– Det står fram som ei alvorleg ulukke, sa operasjonsleiar Helge Blindheim til NRK i 19.45-tida.

Togulukke Arna

Godstoget har spora av ved Arna stasjon.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Han fortalde om store materielle skadar.

Politiet stengde av delar av trafikken oppe ved E16. Fleire ambulansar stod klare ved Øyrane torg like ved. To brannbilar stod tett innpå togsporet, like ved tunnelmunningen.

Skadane på staden tyder på at store krefter har vore i sving.

Det meste av togsettet står tilsynelatande normalt i ro langs stasjonen, men ved innkøyringa til tunnelen under Arnanipa står fleire konteinarar nærast bretta saman oppå kvarandre.

Vitne høyrde stort smell

Jørgen Kvamme bur i nærleiken og fortel at han høyrde eit stort smell.

– Eg høyrde ein lang og høg rumlelyd, opna terrassedøra, såg masse røyk og det lukta krut, seier han.

– Først trudde eg det lynte ute, då eg såg eit blått lys. I etterkant trur eg det kanskje var elektrisitet.

Han bur ovanfor togstasjonen. Då han gjekk nærare såg han eit tog som hadde spora av.

– Det har krølla seg saman oppover tunnelopninga. Eg fekk ganske sjokk, seier Kvamme.

– Såg du lokomotivet?

– Eg såg ikkje framsida av toget, eg kunne berre sjå godsvogner og konteinarar som var stabla opp. Ingen førarvogn. Eg trur den var inni tunnelen, seier Kvamme.

Statens havarikommisjon er varsla om ulukka.

– Vi har sett bilde, men veit lite no. Vi samlar saman personell og kjem til staden i løpet av laurdagen, seier Ida Grøndal, avdelingsdirektør i baneavdelinga.

Togulukke Arna

Naudetatane er på plass.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Stenger Bergensbanen og bussterminal

Både Bane Nor og Vy melder at Bergensbanen er stengd mellom Bergen og Vaksdal grunna avsporinga. Det påverkar både regiontog og lokale tog.

Alle tog blei innstilte, og det er uklart når toga vil køyre som normalt att, ifølgje Vy.

Skyss melder at Arna bussterminal ikkje er i bruk grunna ulukka, og at det er usikkert kor lenge den blir stengd.

Reisande må inntil vidare bruke haldeplassen Øyrane torg E16 i hovudvegen. Linje 90 går frå haldeplassen Roknetoppen i Indre Arna-vegen.

Konteinar fall av og reiv ned leidning

Anne Sofie Kirkhusmo, pressevakt i Bane Nor, seier dei fekk beskjed om at eit godstog spora av på veg inn til Arna stasjon.

Som følge av avsporinga reiv delar av godstoget med seg ein kontaktleidning som gir køyrestraum til toga, opplyser ho.

Førebels har dei ikkje oversikt over skadeomfang og infrastruktur.

Det er uvisst kor lang tid det vil ta å rette opp i hendinga.

– ​​​​ Vi må finne ut kva som har skjedd og korleis det ser ut der, seier ho.

Ho oppmodar reisande om å sjekke appar og nettstader hos selskapa.

Hei

Veit du noko om ulukka eller har tips om saka? Kontakt oss gjerne.