Hopp til innhold

Brygga kom opp over natta – like brått vart ho vekke

I haust sette nokon opp ei ulovleg flytebrygge på eigedomen til Gunnar Bygnes. Men plutseleg var både båten og brygga vekke att, like brått som dei kom.

Gunnar Bygnes før og etter brygga kom opp.

FØR OG ETTER: Brygga og båten forsvann like brått som dei kom.

Foto: privat/Bård Siem / NRK

– Det fekk ein lukkeleg slutt, seier Gunnar Bygnes i Hyllestad i Ytre Sogn.

NRK fortalde tidlegare i februar om grunneigaren som brått hadde fått ei ulovleg brygge i strandkanten på eigedomen sin. Over natta hadde nokon forankra ei flytebrygge der.

Han melde ifrå til politiet, men statsadvokaten sa nei til å etterforska saka. Dermed stod han der med ei ulovleg flytebrygge på eigedomen sin.

Så snudde statsadvokaten, og det lokale politiet fekk likevel etterforska saka. Men då dei kom til staden for å undersøka meir, så møtte dei på ei utfordring.

Båt, brygge og fortøying var vekke.

Flytebrygga og båten er vekke i Hyllestad

SOM FØR: Brygge og båt er vekke, og strandsona er tilnærma slik ho var før.

Foto: privat

Kjente ikkje til norske reglar

Då skulle ein kanskje tru at problemet var ute av verda. Men då det lokale politiet først fekk lov til å etterforska, så gav dei seg ikkje sjølv om brygga var vekke.

Politiet undersøkte vidare, og fann ut at det var tre utanlandske arbeidarar som hadde sett opp brygga.

– Dei høyrde snakk om saka på arbeidsplassen sin, og at det var ulovleg. Då fjerna dei brygga på eige initiativ, seier politioverbetjent Åge Løseth.

Dei tre har vore eller skal i avhøyr med politiet.

– Dei seier at dei gjorde det fordi dei ikkje heilt skjønte norske reglar og ikkje har tenkt seg godt nok om. Dei beklagar det som har skjedd, seier Løseth.

Gunnar Bygnes ved ulovleg kai og båt.

SLIK VAR DET: Gunnar Bygnes oppdaga plutseleg i haust denne flytebrygga og båten på eigedomen sin.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ingen skam å snu

Bygnes gler seg over at statsadvokaten snudde i saka.

– Det er ingen skam å snu. Det er heilt flott, og det må me gjera ofte her i livet, alle saman. Eg håpar dei lærer litt av dette, seier han.

Politioverbetjent Løseth seier det er fort gjort i ein travel kvardag å bomma litt på vurderingane.

– Har ein bomma, så tykkjer eg det er vakse og riktig å omgjera eigne avgjerder.

I sine 42 år i politiet kan han ikkje minnast ei slik sak.

– No får saka eit godt utfall. Det er nesten ikkje spor i fjellet og grunneigar har ikkje hatt kostnadar. Dei som har gjort det er vaksne nok til å erkjenna det, og vil gjera opp for seg. Då kan vi ikkje seie anna enn at det enda godt.