I fjor haust var Gunnar Bygnes på veg ned til sjøkanten på eigedomen sin.
Der måtte han gni seg i auga både ein og to gonger.
Rett nedanfor bergkanten, der han pleier å bade, var det plutseleg montert ei bryggje.
Kraftige boltar var bora ned i fjellet, og tauverket var festa med boltar gjennom eit furutre.
Og inntil bryggja låg ein framand båt.
– Det er ikkje måte på kor frekke folk kan vere, seier 59-åringen.
Han kontakta politiet, og den lokale lensmannen i Fjaler ville starte etterforsking.
– Saka har eit sivilt preg
Men så tok saka ei ny vending. Politisjefane i Bergen sa nei.
Heller ikkje statsadvokaten fann grunn til å etterforske saka.
I vedtaket heiter det at det må vere «en forholdsmessighet mellom forholdets alvor og den nødvendige etterforskingsinnsats» og at denne type saker som regel «må finne sin løsning utenfor rettspleien».
– Er ikkje saka alvorleg nok for politiet?
– Dette har ikkje med alvor å gjere, men med at saka har eit sivilt preg, seier statsadvokat i Hordaland og Sogn og Fjordane, Trond Høvik.
45 dagar i fengsel for bygging i strandsona
Historia til Gunnar skriv seg inn ei større forteljing om bygging i strandsona.
I førre veke fekk Mandal, Askøy og Kragerø kraftig kritikk frå Sivilombodsmannen for å ha vore for rundhanda med dispensasjonane.
I juni sist sommar vart ein hytteeigar og ein dagleg leder i et byggmeisterfirma dømt til 45 dagar i fengsel for ulovleg bygging i strandsona.
Same månad varsla kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup at regjeringa vil mjuke opp i plan- og bygningsloven, som slår fast at det er byggeforbod innanfor 100-metersbeltet i strandsona.
Også i Hyllestad, der Gunnar Bygnes held til, har debatten gått høgt. I 2019 slo Gulating lagmannsrett fast at ei flytebrygge i kommunen var ulovleg og måtte fjernast. Brygga var sett opp av eit tysk ektepar, som varsla at dei ville ta saka til Høgsterett.
MJUKE OPP: I sommar varsla kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup at regjeringa vil mjuke opp i plan- og bygningsloven, som slår fast at det er byggeforbod i strandsona.
Foto: Håvard Hagen– Ikkje likskap for loven
Attende i Hyllestad er Gunnar Bygnes «svært skuffa».
– Det er tydeleg at det ikkje er likskap for loven, seier han.
– Kva om det same hadde skjedd i Bergen? Ville politiet etterforska saka då? Det er eg sikker på at dei ville ha gjort.
Det avviser statsadvokaten. Det ville framleis vore ei sak med «sivilt preg».
– Saka ville fått same utfall, seier han.
Bygnes seier han er oppgitt over signala frå statsadvokaten.
– Korleis kan eg løyse saka sivilrettsleg når eg ikkje veit kven som har sett opp brygga, spør han, og ristar på hovudet.
PRIORITERINGSSAK: Politiet har ikkje ressursar til å etterforske alle saker. Enkelte saker, som den ulovlege brygga og båten i Hyllestad, må prioriterast bort, seier statsadvokat Trond Høvik.
Foto: Jon Bolstad / NRK– Uheldige signal frå statsadvokaten
Åge Løseth er lensmann i Fjaler. Han peiker på det same paradokset.
– Korleis skal grunneigaren gå til sivilt søksmål mot nokon han ikkje veit kven er, spør han.
Han legg til at statsadvokaten si avgjerd strir mot den allmenne rettsoppfatninga.
– Ei sak som dette burde heilt klart ha vore etterforska, seier han.
Også ordførar i Hyllestad, Kjell Eide (Ap), er kritisk til statsadvokaten si vurdering.
– Statsadvokaten gjev eit signal om at det er fritt fram å setje opp ulovlege installasjonar i strandsona, seier han.
Han meiner grunneigaren blir sitjande att med «svarteper».
– Bryggja er eit ulovleg byggverk som grunneigaren truleg må fjerne. Vi vil no gå i dialog med han om korleis vi skal gå fram.