Hopp til innhold

Tek imot innspel på politikardagen - sjå sendinga direkte i nett-TV

I dag får kommunar og andre leggje sitt sin på dei føreslåtte skulekutta i Sogn og Fjordane.

Fylkestinget samla 16. april 2013

MØT POLITIKARAR:Fylkestinget er samla til politikardag på Leikanger måndag 27. mai. Biletet er frå fylkestinget i april.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesrådmann Tore Eriksen la fram forslag til ny skulebruksplan 16. mai. Der kom det fram at fylkesadministrasjonen vil leggje ned dei vidaregåande skulane i Luster, Høyanger og Stryn.

I tillegg er Mo og Jølster vidaregåande skule avdeling Jølster føreslått avvikla. Det same er Hordalandsavtalen som inneber at elevar frå Solund og Gulen kan gå på vidaregåande skule i nabofylket.

Forslaget til administrasjonen vil også bety store strukturelle endringar for fleire av skulane som ikkje står på kuttlista. Dei legg opp til større spesialisering, og vil samle nokre tilbod på enkelte skular.

Sterke reaksjonar

Forslaga har skapt sterke reaksjonar i mange kommunar i fylket og det har kome fram mange synspunkt på planen. I dag får dei som ønskjer det, høve til å presentere sitt syn for politikarar, før møte i hovudutvalet for opplæring i morgon.

Det er fylkestinget som skal ta avgjerda på 11. og 12. juni.

Politikardagen startar kl. 12.00 og vert sendt direkte på nett. Først vil fylkesrådmann Tore Eriksen orientere om dei økonomiske utsiktene til fylkeskommunen. Deretter blir det fellesorienteringane om skulebruksplanen.

Sjå sendinga direkte i ruta lenger nede på sida. Du får best nytte av overføringa om du vel fullskjermmodus oppe til høgre i videoruta.

Slik er programmet i dag

Innlegga er på fem eller ti minuttar og etter kvart innlegg har medlemmene i fylkestinget høve til å stille korte, konkrete spørsmål til innleiarane.

Klokka 12.00

  • Fylkesrådmann Tore Eriksen orienterer om dei økonomiske utsiktene til fylkeskommunen

Klokka 12.20

  • Sogn Regionråd ved Jarle Aarvoll, ordførar
  • HAFS Regionråd ved Ole Gunnar Krakhellen, Leiar i HAFS Regionråd
  • Samarbeidsutvalet for Sunnfjord ved Håkon Myrvang, ordførar og leiar
  • Vågsøy, Eid og Selje kommune og Nordfjord Vekst ved Edvin Haugen, dagleg leiar

Klokka 13.10

  • Stryn kommune ved ordføraren
  • Næringslivet og elevar frå Stryn
  • Høyanger kommune ved Petter Sortland, ordførar
  • Hydro Høyanger ved Wenche Eldegard, fabrikksjef

Klokka 13.40

  • Pause

Klokka 14.00

  • Opera Nordfjord ved Kari Standal Pavelich, Opera Nordfjord
  • Operahuset Nordfjord ved Geir Holmen, leiar Operahuset Nordfjord
  • Næringslivsgruppe frå Ytre Nordfjord ved Frode Falkevik Kupen, Project manager
  • Trivselshagen IKS ved Jan-Kjetil Øygard, Styreleiar i Trivselshagen IKS
  • Elevrådsstyret Firda vgs. ved Alice Beate Holm, medlem i elevrådsstyret
  • Firda Vidaregåande Skule ved Marte Sandal Gangsø
  • Utdanningsforbundet ved Flora vgs. ved Arve Grøneng, klubbleiar for Utdanningsforbundet ved Flora vgs.
  • Gloppen kommune ved Pål Sandal

Klokka 15.00

  • Pause

Klokka 15.15

  • Ressursgruppe frå Gulen – om Hordalandsavtalen, ved Linn Dyveke Wilberg
  • Samfunnsdemokratane (SD), ved Gunnvor A. Sunde, Leiar SD
  • Unge Høgre Sogn og Fjordane, ved Glenn Andre Lammetun Vilnes
  • Sogn og Fjordane idrettsrettskrins, ved Aud Kari Isane, styreleiar
  • Idretten i Gloppen, ved Nils Ove Roset
  • Klubben i DU, Mo og Jølster vidaregåande skule, avd. Jølster, ved Ole Johnny Devik

Klokka 16.05

  • Elevrådet ved Sogndal vidaregåane skule, ved Helge Evensen Bjørkum, elevrådsleiar
  • AMFI Sogningen, Sogndal, ved Wilhelm Tangerud, senterleiar
  • Quality Hotel, Sogndal ved Erlend Fardal Lunde, hotellsjef eller Jørgen Chr. Lindstrøm, direktør
  • Sogn Næring ved Per-Odd Grevsnes, dagleg leiar
  • Representant for interessene for restaurant- og matfagutdanninga i Sogn ved Lindis Alme

Sjå sendinga direkte i ruta under. Du får best nytte av overføringa om du vel fullskjermmodus oppe til høgre i videoruta.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Sogn og Fjordane Fylkeskommune Web-TV» i nytt vindu