Hopp til innhold

– Eg er veldig heldig som får denne store sjansen

SANDANE (NRK): Eit pilotprosjekt for å få framandspråklege i utdanning og arbeid vekkjer nasjonal merksemd.

Eden Drar og Denait Goitom

SKAL TA FAGBREV: Eden Drar, til venstre og Denait Goitom er glade for sjansen til å ta ei fagutdanning på heimstaden Sandane. – Vi steller pasientar, går på tur, serverar mat og pratar med dei, seier Goitom om arbeidskvardagen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Suksessfaktorane er mellom anna språkopplæring og praksis samstundes, for motiverte elevar.

– I heimlandet mitt jobba eg med førstehjelp i militæret, så det er mitt favorittyrke. Derfor begynte eg på denne utdanninga, seier Eden Drar, frå Eritrea.

I 2013 begynte ho på eit tilpassa utdanningsløp for å ta fagbrev som helsefagarbeidar ved Firda vidaregåande skule. No, fire år seinare, nærmar fagprøva seg. Sjølve metoden har i mellomtida spreidd seg.

– Det kostar ein del å få til dette, men gevinsten i ettertid er enorm, i form av at desse personane kan gå i inntektsgjevande arbeid, i staden for sosialstønad frå kommunen, forklarar direktør Tore Thorsnes, i NAV.

Må gjere meir av det som fungerar

Tal frå SSB viser at 60 prosent av innvandrarar er i arbeid. Bak det talet er det store variasjonar. Mellom anna er berre 42 prosent av innvandrarar frå Afrika i arbeid.

– Vi må gjere mindre av det som ikkje verkar, og meir av det som vi veit gjev effekt, seier Thorsnes.

Tore Thorsnes

STOLT: NAV-direktør Tore Thorsnes omtalar utdanninga som målretta satsing for å bygge den nødvendige kompetansen arbeidslivet i fylket trenger.

Foto: NAV

NAV-direktøren peikar på særleg to forhold som han kallar suksessfaktorar; Dei sikrar at elevane som får starte på utdanninga er motiverte til å stå løpet ut, og dei kontaktar bransjar med behov for arbeidskraft. Slik sikrar metoden at elevane er sikra praksisplass og har gode utsikter til jobb.

Utdanninga er eit pilotprosjekt mellom NAV, Gloppen kommune, Firda vidaregåande skule og Sogn og Fjordane fylkeskommune. No skal NAV til Sverige for å fortelje om metoden.

– Det er jo kjekt at det vekker internasjonal interesse, seier Thorsnes.

Gymnastikk med ballong

GODT MILJØ: Eden Drar og Denait Goitom deltek i miljøarbeidet på arbeidsplassen som ein del av utdanninga.

Foto: Silje Guddal / NRK

Liknande tilbod spreier seg

No har denne «Gloppenmodellen», som den vert kalla, spreidd seg. Tilsvarande tilbod er etablert for utdanningane yrkessjåfør, betongarbeid og tannlegeassistent.

– Dersom du ikkje kunne begynt på denne utdanninga, kva hadde du gjort då?

– Eg hadde nok sete heime og passa ungane mine, trur eg. Så eg er veldig heldig som får denne store sjansen, seier Eden Drar.

Til forskjell frå vanleg helsefag, som startar med to år på skulebenken, har desse elevane praksis frå første dag. Etter fire år har berre to av over 40 elevar slutta.

I fire år har Drar hatt praksis og arbeid ved ei avdeling for demente ved Gotatoppen omsorgssenter. Målet er fast jobb i Gloppen.

– Eg skal ta fagprøva 6. november, det er så spennande. Eg er litt nervøs, men håpar det går greitt.