Hopp til innhold

Perfekte snøforhold i sør – uvanleg dårleg i nord

SUNNFJORD (NRK): Ut av kanonane strøymer kunstsnøen som det reinaste gull for dugnadsfolk og entusiastar i sør. I nord er situasjonen stikk motsett.

Snøproduksjon på Langeland skisenter i Sunnfjord.

SNØKAMERATAR: Geir Ove Holme og Roger Nondal er to av mange som no står på for å sikre ein lang skisesong i Sunnfjord.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Over heile Sør-Noreg går snøkanonane seg varme denne veka.

Mange kuldegrader og eit godt grunnlag med natursnø, gjer at folk nærast står i kø for å hjelpe til i dei ulike skianlegga.

På Langeland i Sunnfjord er Geir Ove Holme og Roger Nondal på dugnadsvakt tysdag kveld. Dei har trua på ein lang langrennssesong.

Trur på lang sesong

– Det kjem sjølvsagt heilt an på vêret. Men med det grunnlaget vi legg med kunstsnø no, så trur eg folk kan gå på ski ganske lenge. Det er ganske mykje snø ute i terrenget, fortel Geir Ove Holme.

På Langeland har dei no døgnkontinuerleg drift på snøkanonane. Alt for å sørge for at unge og vaksne skal kunne spenne på seg skia og legge ut i løypene.

– Kunstsnøen er heilt avgjerande for at folk skal kunne få trene på ski her oppe no. Det er ein kompakt type snø som blir liggande lenger og toler mykje meir.

Men medan skiområda i Sør-Noreg er i ferd med å opne både nedover og bortover, er situasjonen ein heilt annan i Nord-Noreg.

Toralf Heimdal

UVENTA: Toralf Heimdal ventar framleis på at snøen skal kome for alvor i Indre Troms.

Foto: Rune Nordgård Andreassen / NRK

Kan ikkje love snø i nord

Toralf Heimdal er leiar for langrennskomiteen i Troms skikrins. Han må innsjå at starten på årets skisesong har vore alt anna enn vanleg.

– Det er eigentleg berre i Bardufoss og på Setermoen det går an å gå på ski no. Vi er jo vant med mykje snø, så vi har ingen tradisjon for å produsere kunstsnø, seier Heimdal.

Han har sjølv vore aktiv skiløpar heilt opp til verdscupnivå, men han har aldri opplevd makan til snømangel på heimebane.

– Dette er rett og slett tidenes verste sesongstart hittil, meiner langrennsleiaren.

Statsmeteorolog Siri Wiberg kan ikkje love folk i Nord-Noreg noko særleg med snø i dagane framover heller.

– Det har vore ganske mildt i nord. Det blir kaldare, men det er ikkje sikkert at det blir så mykje nedbør, seier Wiberg.

Snøproduksjon på Langeland skisenter i Sunnfjord.

KANONSNØ: På Langeland i Sunnfjord har dei mange minusgradene ført til optimale forhold for snøproduksjon.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mange med på dugnad

For dei i Sør-Noreg som no produserer kunstsnø i januarkulda, er heller ikkje prognosane optimale.

– Fram mot helga blir det mildare og det er fleire lågtrykk på veg inn mot Vestlandet. Det blir neppe mykje nedbør på Austlandet, seier statsmeteorologen.

På skisenteret på Langeland strøymer det på med folk som vil prøve seg på den ferske snøen.

For Geir Ove Holme og Roger Nondal er det rein vinterglede å delta i dugnad for å få ein så lang skisesong som råd er.

– Her er vi med alle, alt frå advokatar til snikkarar og pensjonistar, gliser Roger Nondal.