Hopp til innhold

Pasient døydde etter fall frå sjukehusseng

Fylkeslegen vurderer om det skal opnast tilsynssak etter at ein mann i 60-åra døydde etter eit fall frå ei sjukehusseng.

Sykehusseng på Akuttmottak Førde sentralsjukehus

ULUKKE: Sengehesten svikta og pasient fall ut. Politiet meiner det ikkje har skjedd noko straffbart. No vurderer fylkeslegen om dei skal sjå nærare på det som skjedde. (illustrasjonsfoto).

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ulukka skjedde i slutten av august ved eit sjukehus i Helse Førde.

Fagdirektør Asle Kjørlaug fortel at personalet via kameraovervaking såg at pasienten var uroleg, og gjekk inn på rommet.

I mellomtida hadde mannen falle ut av senga og ned på golvet.

Senga hadde sengehest som skal hindre pasientane i å falle ut, men denne hadde falle ned.

– Det kan verke som låsen hadde svikta, seier Kjørlaug.

Døydde etter fem dagar

Pasienten var medviten etter ulukka, men fekk seinare påvist hjernebløding og døydde fem dagar seinare.

Døydde pasienten som følge av skadane?

– Det er uklart, men det verkar sannsynleg at fallet har vore ei medverkande årsak, seier fagdirektøren.

Helse Førde oppretta ei intern gransking etter hendinga, og har sjølv varsla Helsetilsynet, slik dei har plikt til.

Tilsynet har bede Statsforvaltaren ved Fylkeslegen handtere saka vidare.

Politiet har lagt bort saka

Også politiet har sett på saka, og funne ut at det ikkje har skjedd noko straffbart.

Dei har undersøkt staden, snakka med tilsette og lese journalane.

– Vi har ikkje funne haldepunkt for å seie at det har skjedd feil i behandlinga av pasienten, seier politiadvokat Kristoffer Rosenlund.

Dei har og undersøkt sengehesten.

– Vi har funne svakheiter og skader på sengehesten, mest truleg som følgje av slitasje.

Statsforvaltaren tilrår at det ikkje er behov for å etterforske saka vidare frå politiet si side.

Men om det kjem fram nye opplysningar på eit seinare tidspunkt, kan det vere aktuelt å ta opp att etterforskinga.

Helse Førde

INTERN GRANSKING: Skjedde på eit av sjukehusa i Helse Førde sitt distrikt. Det vart oppretta ei intern gransking etter ulukka.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Fylkeslegen: – Har for lite informasjon

– Eg kan ikkje seie så mykje om det på noverande tidspunkt. Det er sjølvsagt beklageleg at låsen ikkje fungerte, og det er noko vi ser nærare på, seier Karianne Flaatten, assisterande fylkeslege.

Statforsvaltaren vil i løpet av veka avgjere om dei skal opne tilsynssak.

– Vi har knapt nok fått informasjon i saka, og dersom vi bestemmer oss for å starte tilsynssak, vil vi hente inn mykje meir informasjon, seier Flaatten.

Fylkeslegen vil i så fall hente inn journal og uttaler frå sjukehuset, involvert helsepersonell og leiing.

– Hovudoppgåva vår er å sjå på om helsehjelpa var forsvarleg.

Trilla ned trapp og døydde

Også tidlegare har Helse Førde vore granska etter pasientdødsfall.

I 2018 døydde ein pasient i 60-åra av skadane han fekk etter at han trilla ned ei trapp med rullestol. Den gong vurderte statsadvokaten at det ikkje var grunnlag for å gå vidare med ei straffesak.

Kjørlaug seier Helse Førde har vore opptekne av å ta vare på både pårørande og helsepersonell på avdelinga etter ulukka i haust.

– Det er dessverre slik at det skjer uønskte hendingar i Helse-Noreg og helsevesenet elles. Det er ikkje noko vi ønsker, men det gjer det dessverre.

Helse Førde
Foto: Fredrik Helland / NRK