Hopp til innhold

– Ikkje behov for å gå vidare med ei straffesak

Fylkesmannen meinte at Helse Førde braut lova då ein mann i rullestol køyrde utfor ei trapp på Førde sentralsjukehus og døydde. Statsadvokaten har no lagt vekk saka.

Førde sentralsjukehus

FØRDE SENTRALSJUKEHUS: Mannen i 60-åra var pasient ved Førde sentralsjukehus då ulukka skjedde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Etter ei samla vurdering av så finst det ikkje allmenne omsyn som krev ei offentleg påtale, seier statsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes.

Han utdjupar det slik:

– Det er ikkje strafferettslege bevis for at det er gjort feil som er så store eller graverande at det er behov for å gå vidare med ei straffesak.

Han har gått gjennom kva eventuell skuld enkeltpersonar ved sjukehuset har hatt, men òg Helse Førde som føretak. Ingen kan haldast ansvarlege, er statsadvokaten sin konklusjon.

I januar førre året trilla ein pasient gjennom ei open dør til rømmingsvegen på Førde sentralsjukehus. Han fall utfor trappa og døydde to dagar seinare av skadane.

Helse Førde tek avgjerda til etterretning

– Det er ei tragisk sak for alle partar. Vi ser at statsadvokaten i store trekk har følgt råda frå Statens helsetilsyn, seier Rune Larsen, fungerande fagdirektør i Helse Førde, og held fram:

– Det vart skissert ein del tiltak for å sikre døra. Dette er følgt opp. Men dette er også ei rømmingsdør så vi kan ikkje halde ho fysisk låst heile tida.

I haust kom Fylkesmannen fram til at Helse Førde braut lova i denne saka.

– Pasienten fekk uforsvarleg helsehjelp, sa konstituert fylkeslege i Sogn og Fjordane, Jacob Andersen, den gongen.

Klagefristen for å gjere om på avgjerda er enno ikkje gått ut, men til no har statsadvokaten ikkje motteke noko.