Hopp til innhold

Pasient skulle ut for å røyke – trilla utfor trapp og døydde

Ein pasient døydde av skadane etter at han trilla utfor med rullestol gjennom ei rømmingsdør på sentralsjukehuset i Førde.

Førde sentralsjukehus

ULUKKE: Både politiet og Statens helsetilsyn er varsla om ulukka der ein pasient døydde av skadane etter at han køyrde utfor ei trapp med rullestol.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Pasienten skulle truleg ned til hovudinngangen for å røyke då han trilla feil gjennom ei open dør til rømmingsvegen frå etasjen. Han fall utfor trappa og døydde to dagar seinare av skadane. Ulukka skjedde forrige måndag.

Helse Førde har varsla politi, fylkesmannen og Statens helsetilsyn om hendinga.

Kristine Brix Longfellow

ALVORLEG: – Dette er så alvorleg at melde til helsetilsynet, fylkesmannen og politiet med det same, seier fungerande fagdirektør, Kristine Brix Longfellow, i Helse Førde.

Foto: Per Marifjæren / Helse Førde

– Det er svært beklageleg. Slikt skal ikkje skje. Ein pasient skal vere trygg når han er innlagt eller til behandling på eit sjukehus, seier Kristine Brix Longfellow, fungerande fagdirektør.

– Tungt for alle involverte

Longfellow seier heile sjukehuset er prega av den tragiske ulukka. Mannen var dårleg til beins og sat difor i rullestol. Han var vurdert skikka til å ferdast utan tilsyn og var utan følgje då ulukka skjedde.

Fagdirektøren seier at dei etter ulukka har skilta at døra til ei kvar tid skal vere stengd, men ikkje låst. Dei har også gjort det umogleg at døra skal stå open.

– Vi har gått gjennom saka heilt opp til administrerande direktør, snakka med tilsette om hendinga og vi følgjer opp pårørande. Dette er tungt for alle involverte, seier Longfellow.

Opnar tilsynssak

Assisterande fylkeslege Jacob Andersen

FYLKESLEGE: Assisterande fylkeslege Jacob Andersen opnar tilsynssak så snart han får papira frå Statens helsetilsyn.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Ved alvorlege hendingar har sjukehuset plikt til å melde frå til Statens helsetilsyn. I samråd med fylkeslegen i Sogn og Fjordane er det vurdert at fylkeslegen skal følgje saka vidare som tilsynssak.

Fungerande fylkeslege, Jacob Andersen, seier at han kjenner til hendinga, men at han så langt ikkje kjenner omstenda til ulukka. Han ventar å få saka sendt over frå Helsetilsynet om kort tid.

– Når vi får sjukehuset si skriftlege utgreiing om hendinga, må vi vurdere om helselovgjevinga har blitt broten til ulempe for pasienten, seier Andersen i ein knapp kommentar.

Hentar inn journal

Stine Mari Vårdal og Inger Beth Fosse i Fjordane tingrett.

LEIAR: Politioverbetjent Stine Mari Vårdal leiar etterforskinga etter ulukka ved Førde sentralsjukehus. – Vi må finne ut kva som skjedde med pasienten, og om det har skjedd noko straffbart, seier etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal seier på generelt grunnlag at politiet skal varslast når det skjer ulukker og uventa dødsfall.

Ho trur dei vil vere komne langt i etterforskinga i neste veke.

– Vi har avhøyrt åtte vitne og pleiarar, men skal gjere ytterlegare fem avhøyr. Vi har teke bilete og gjort kriminalteknisk undersøking på staden og skal hente inn journalar for å få full oversikt over kva som har skjedd, seier Vårdal.