Hopp til innhold

Prisutdelinga blei avlyst på grunn av krigen i Midtausten: I Noreg fekk ho halda takketalen

Feiringa av palestinske Adania Shibli på verdas største bokmesse blei avlyst «på grunn av krigen Hamas starta», ifølge arrangøren. Men no har forfattaren fått snakka fritt – i Bergen.

Adania Shibli, på Bergen internasjonale litteraturfestival 2024

TILBAKE I BERGEN: I 2022 deltok Shibli på litteraturfestivalen i Bergen. Onsdag var ho tilbake for å halde takketalen som vart avlyst i Tyskland i haust.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Røyking kan vera forbode på ei bokmesse. Men ein ventar ikkje at litteratur skal vera forbode på same måte.

Det sa den palestinske forfattaren Adania Shibli under opninga av Bergen internasjonale litteraturfestival onsdag kveld.

Talen hennar krinsa rundt at bøker ofte har blitt offer i krig og konflikt. Ho trekte parallellar mellom røykelova, forbodne bøker og bokbrenning.

– Ei bok som er utstilt på bokmessa, kan skildra nokon som røykjer. Utan at det krev at det å røyka i ei bok blir forbode. Det skal heller ikkje føra til at boka i seg sjølv blir forboden.

Symboltungt

At Shibli fekk halda tale på Litteraturhuset i Bergen, var symboltungt på fleire vis.

Det var denne dagen nøyaktig fire månadar sidan krigen mellom Hamas og Israel starta på Gaza-stripa 7. oktober.

Og talen som Shibli heldt i Bergen i kveld, vart i haust nekta framført under verdas største litteraturmesse – bokmessa i Frankfurt – på grunn av Gaza-krigen.

kyoZavT6I2E

Den avlyste seremonien skulle heidra boka «En liten detalj». Her er den tyske utgåva på bokmessa i Frankfurt.

Foto: AFP

– I mitt liv har eg ofte – som røyk – blitt jaga vekk av brutaliteten i verkelegheita. Då har litteraturen alltid halde av ein plass til meg. Tusen takk, sa ho i talen.

«I full solidaritet med Israel»

Adania Shibli var midt i oktober invitert til Frankfurt for å ta imot LiBeraturprisen.

Men då krigen i Gaza starta nokre dagar før, avlyste prisutdelaren Litprom prisutdelinga og takketalen «på grunn av krigen Hamas starta».

Direktøren for bokmessa, Joergen Boos, er styreleiar for Litprom. I oktober skreiv han at «bokmessa i Frankfurt står i full solidaritet med Israel».

Boos

Styreleiar Boos (i midten) kommenterte avlysinga på sin eigen Instagram-konto.

Foto: Zino Peterek / Frankfurter Buchmesse

Onsdag fekk tilhøyrarane på Litteraturhuset i Bergen lest opp talen som den tyske prisutdelaren ikkje ville høyra.

NRK har prøvd å koma i kontakt med Joergen Boos og Litprom, men har ikkje lukkast i å få svar.

Les også Bokmessa i Frankfurt får refs etter å ha droppet feiring av palestinsk forfatter

– Skremmande klima for ytringsfridom

Også i 2022 deltok Shibli på litteraturfestivalen i Bergen. Ho snakka den gongen om romanen En liten detalj, som arrangementet i oktober skulle feira.

Den er basert på ei faktisk hending der ei palestinsk jente vart valdteken og drepen av israelske soldatar i 1949. Den israelske avisa Ha'aretz avslørte dette i 2003.

Etter kanselleringa i Frankfurt i fjor vart Shibli invitert tilbake til Bergen av festivalsjef Teresa Grøtan.

Teresa Grøtan, festivalsjef Lit-fest Bergen

Festivalsjef Teresa Grøtan med ein roman av den palestinske forfattaren Adania Shibli.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Fordi me treng å høyra kva ho har å seia. Viss me nektar forfattarar å snakka, øydelegg me grunnlaget for ytringsfridomen, og dermed den kunstnariske fridommen som er heilt sentral i eit demokrati, meiner Grøtan.

– Poenget er ikkje at ein skal støtta éi av sidene. Ein skal stå med menneska, meiner eg. Altså at mennesket er ukrenkeleg, og kunsten skal vera fri.

Grunnlaget for ein god samtale smuldrar opp når ein kultur- eller litteraturinstitusjon byrjar å ta part i ein så frykteleg krig som dette, seier Grøtan.

Her finn du fleire artiklar frå NRK om Ytringsfrihet .

Ytringsfridom i oppløysing

Temaet for årets festival er stikkordet «oppløysing».

– Me ser på det temaet frå ulike vinklar: kunstnarisk, politisk, vitskapleg og sjølvsagt litterært, med norske og internasjonale forfattarar, og innanfor ulike sjangrar.

Omgrepet «oppløysing» blir brukt om mykje: til dømes konkret oppløysing av ein død kropp, kjemiske oppløysingar, eller eit sinn i oppløysing, altså mental helse.

– Og det du snakka om – ytringsfridom i oppløysing?

Ja, det er jo éi side av det. Det trugar grunnlaget me treng for å kunna forstå, akseptera og bli glade i kvarandre, og dermed også forhindra denne typen konfliktar.

En student leser The bluest eye av Toni Morrison som er forbudt på skoler i både Texas og Utah. Boka handler om en svart jente og hennes oppvekst.

Grøtan meiner ytringsfridomen er truga fleire andre stader i verda. Ein av forfattarane som har fått bøkene sine forbodne på skular i USA, er Toni Morrison.

Foto: CALLAGHAN O'HARE / Reuters

Ho ser fleire skremmande eksempel overalt.

Poetar i Russland blir arresterte. I USA blir mange bøker forbodne på mange skular, til dømes nobelprisvinnar Toni Morrison sin roman Elskling. Journalistar blir drepne i Mellom-Amerika.

Det er veldig mange trekk i samfunnet vårt i dag som trugar ytringsfridommen og moglegheita til å kunne uttrykka seg litterært og kunstnarisk, seier ho.

Litteraturfestivalen i Bergen varar fram til søndag.

Teresa Grøtan, festivalsjef Lit-fest Bergen

– Ein må lytta til kvarandre i staden for å berre ropa til kvarandre. Då kan me faktisk bli kjende med, og glade i, kvarandre. Slik kan me vera med på å hindra slike forferdelege hendingar som me ser nå, seier Grøtan.

Foto: Sissel Rikheim / NRK