Hopp til innhold

P3-Ronny går til filmen

23 år gamle Ronny Brede frå Førde er mest kjent som ei av stemmene i P3 Morgon. Men no ventar nye utfordringar.

Ronny Brede Aase

Ronny Brede Aase gler seg veldig til å spele inn film i sommar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRk

For i august skal han spele ei lita rolle i «På meg på, for faen».

Kristen trailersjåfør

Det er Olaug Nilssen frå Førde som har skrive boka som handlar om ei 15 år gammal jente som har ei stor trong til å bli sett av nokon. Denne boka blir no filmatisert.

– Eg skal spele kristen trailersjåfør som skal køyre hovudpersonen til Oslo når ho skal rømme frå heimbygda, fortel Ronny.

Han vil ikkje seie for mykje om kva som skjer under den køyreturen.

– Rolla er lita, men eg har iallefall nokre replikkar undervegs.

Klippa krøllene

Han skal bruke ein dag i Sauda på innspelinga og så blir eit par scener spelte inn i Oslo. Men han er litt uroa før han seg kursen mot Sauda. For då Ronny var på audition var det ei stund sidan han hadde klippa seg.

– Eg fekk streng beskjed om ikkje å klippe håret mitt.

Men då han kom på sommarferie til Førde, tykte mora at håret var litt for langt.

– Dermed hamna eg i frisørstolen. Eg gjekk på ein smelll der, men reknar med at det gror seg til før eg skal vere skodespelar.

– Blir heilt konge

Brede Aase vart oppdaga då regissør Jannicke Systad Jacobsen høyrde han i P3 Morgon. Ho la merke til at han snakka Førde-dialekt og dermed vart det audtiton.

– Ho ville at eg skulle prøvespele. Og det som er moro er at også Yngve i P3 Morgon har fått ei rolle. Han skal spele ein forsiktig fyr som kjøper øl til dei 15 år gamle hovudpersonane.

–Trur du at du blir filmkjendis?

– Nei, det trur eg ikkje. Men eg håper at folk tenkjer at han trailersjåføren er ein bra fyr. Eg gler meg veldig til å komme igang, Det blir eit par travle dagar i august, men det blir heilt konge.

Fem unge med store roller

Filmen kjem på kino på seinsommaren neste år. Og då blir det også andre førdianarar å sjå.

16 år gamle Lars Listau har fått hovudrolla saman med 17 år gamle Helene Bergstrøm. Også Malin Bjørhovde frå Nordfjordeid, Beate Støfring frå Jølster og Mathias Myren frå Ikjefjord har roller i filmen.