Hopp til innhold

- Få oss på for faen

15-16 åringane på Halbrend skule vil bli filmstjerner, og gav jernet på audition til filmen «Få meg på for faen»

Audition for Få meg på for fan
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SJÅ VIDEO: Det var mange spente ungdomar som samla seg for audition på Halbrend skule torsdag. Elevane her går i klasse 10C. Oppe frå venstre: Malin Gjøringbø, Trine Lise Skildheim, Karina Tveit, Vilde H. Standal, Fredrik Hugøy Espedal Nede frå venstre: Ørjan Øyren Harjo, Simen Berge Kongsvik, Joakim Kvammen (alle er 15år)

- Eg var med i Max-manus filmen, ha, ha, ha, ha, ler ein gut.

Få meg på for faen

Frå teaterstykket 'Få meg på for faen '

Foto: Det norske teateret

- Var du hovudrolla der eller?

- Eh, ja eller nei...

- Er målet å bli filmstjerne? Er det draumen?

- Ja, ler gutane.

Leitar etter talenta

Stemninga er heller bråkjekk hos 10. klassingane Tony, Jens Olav, Aleksander og Nikolai der dei sit og ventar på å sleppe inn på ein liten audition til filmen «Få meg på for faen».

Dei håpar å å få ei av dei to gute-hovudrollene i filmatiseringa til boka til forfattaren Olaug Nilssen frå Førde.

Eit selskap reiser rundt til skulane og leitar etter unge til fem hovudroller og ei rekke statistroller til filmen.

Alma i "Få meg på for faen"

Alma i 'Få meg på for faen'

Foto: NRK

Litt nervøse

- Shit, dette gjekk ikkje særleg bra. Eg starta med eit banneord, eg, seier Fredrik Hugøy Espedal som ristar på hovudet i det han kjem ut frå audition.

Utanfor døra sit klassekameratane som allereie har vore i elden.

- Det kan vel ikkje vera så farleg. Filmen har jo eit banneord i tittelen, trøstar Karina Tveit.

- Må ha energi og halde ut

Trine Lise Skildheim, Susanne Vie Furevik

Trine Lise Skildheim og Susanne Vie Furevik prøvde seg som skodespelarar torsdag.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Torsdag fekk 10. klassingane på Halbrend skule i Førde prøve sitt talent framføre talentspeidaren til filmen.

- Eg trydde du skulle vente, eg venta på deg gang på gang, seier ei jente frå auditionrommet.

- Ja, eg gjorde jo det, svarar castingsjefen Ellen Michelsen.

- De er midt i eit drama her?

- Ja, vi er jo det, smiler ho.

- Ikkje skummelt i det heile

Olaug Nilssen

Forfattar Olaug Nilssen har skrive boka som vert film.

Foto: Jens helleland Ådnanes/Det Norske Samlaget

Ingunn Folkestad har fått beskjed om å spele ut ei rolle der ho er sinna på venninna si sidan ho alltid kjem for seint til avtalar. Ho dramatiserer i samspel med Michelsen, medan eit filmkamera dokumenterer det heile.

Folkestad drøymer om ei av dei tre jentehovudrollene i Olaug Nilsen sin roman. Unge jenter midt i tenåra - og saman med dei to guterollene er talentspeidaren på jakt etter svært ulike typar.

- Eg fekk beskjed om kva setning eg skulle seie før eg kom på audition. Eg trudde det var skummelt, men det er det ikkje, seier Folkestad.

Skal sjå 200 ungdomar til

Filminnspelinga startar i Rogaland kring St. Hans, og grunnen til filmselskapet leitar i Sogn og Fjordane er dialekten som skal stemme med Olaug Nilssen sin roman.

Så langt har talenspeidaren sett kring 250 ungdommar og har planer om å sjå fram mot eit par hundre til i heile fylket, og talenta fins.

- Vi veit kven vi vil ha når vi ser dei, seier Michelsen. Men ho presiserer at dei no i prosessen med å finne skodespelarane er opne for alt.

Mange talent i fylket

Fredrik Hugøy Espedal

Fredrik Hugøy Espedal var ikkje så veldig nøgd med eigen innsats etter audition. Men fekk trøyst av medelevar etterpå.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

- Det er mange talent her, det er sikkert. Men det er ikkje berre dei fem hovudkarakterane vi leitar etter. Vi treng mange statistar til ulike roller, seier casting-sjefen.

Tilbake på gangen har nye gutar stilt seg i køen. Anders, Jørgen, Einar og Fredrik, og dei øver på Ibsen.

Les Ibsen før audition

- Vi har lese om Henrik Ibsen, seier gutane og byrjar å dramatisere frå Ibsen-boka si.

- Er draumen å bli kjendisar?

- Det hadde vore artig å få ein fyr frå Førde i ein film. Noko anna enn Alexander Ødegård, så kunne vi fått høgare ranking.