Hopp til innhold

Var så godt som klare for erkerivalen, men...

FØRDE (NRK): Berre signaturen mangla før tre av landets største talent var klare for Nyborg. Så kom erkerivalen Førde på bana.

Håvard Aarrestad (f.v.), Sverre Flåskjær og Jarle Fornes

HEVDAR SEG I ELITEN: Håvard Aarrestad (f.v.), Sverre Flåskjær og Jarle Fornes har vist seg som nyttige tilvekstar for Førde denne sesongen. Men dei kunne fort ha hamna i Nyborg.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg var bestemt på at eg skulle til Nyborg, seier Jarle Fornes.

19-åringen er ein av dei tre unge nykommarane som har slått ut i full blomst for Førde i eliteserie og cup denne sesongen. Laurdag er dei klare for sin første cupfinale. Men eigentleg kunne dei ha spelt for erkerivalen Nyborg.

– Dei var ikkje klare for oss, men vi var i dialog – og eg forstod det slik at dei var innstilte på å komme til Bergen, seier Nyborg-trenar Ivar Bakken.

Angrar ikkje eitt sekund på at han valde Førde

Det skjedde altså ikkje. For Førde kom på bana, og då gjorde alle tre ein real u-sving.

– Eg skulle til Bergen og studere, men så kom eg ikkje inn på studiet og det var litt vanskeleg å finne bustad. Så vart eg freista av dei store planane i Førde, og då enda eg opp her, seier Jarle Fornes.

– Kva synest du om det i ettertid?

– Eg angrar ikkje eitt sekund. Klubben hjelpte meg med jobb og bustad, og eg er så nøgd med alle som har teke meg så godt imot. Det er eit utruleg bra miljø her, seier han.

– Det er stort at vi har komme til cupfinalen. Vi har jobba hardt, og eg synest at vi har fortent plassen, legg han til.

Jan Egil Tvinde på trening med Førde

IKKJE VERST: Trenar Jan Egil Tvinde seier seg godt nøgd med at han fekk dei spelarane han ville framfor sesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har vore sentrale spelarar i eliteserie og cup

Nyborg er Norges mestvinnande volleyballag, men kom seg ikkje til årets cupfinale. Der møtest i stades Førde og NTNUI. I eliteserien toppar derimot bergensarane tabellen framfor erkerivalen frå Sunnfjord.

Men Fornes er glad han hamna i Førde. Der har han banka inn 59 poeng så langt i sesongen. Håvard Aarestad står med 77 poeng. Berre eks-proffen Mathias Loftesnes har teke fleire poeng for Førde.

– Dei har vore viktige for oss, både på trening og i kamp. Håvard har vore fantastisk, og Jarle var med og avgjorde semifinalen. Dei har bidrege mykje til at vi no skal spele cupfinale, seier Jan Egil Tvinde.

Eg er glad dei valde å komme til Førde. Vi fekk plukka dei spelarane vi ville ha, og det viste seg jo å ikkje vere så verst, seier trenaren til NRK.

Har stor tru på siger i cupfinalen

Laurdag står NTNUI på andre sida av nettet i cupfinalen i Domus Atletica. Unggutane kan fort komme til å spele ei avgjerande rolle i møte med toppscoraren Sigurd van Dijk Festøy og resten av trønderlaget.

– Eg meiner vi har veldig gode sjansar. Treningane denne veka viser at vi har eit veldig høgt nivå. Eg trur vi vinn, seier Fornes.

Førde rustar opp for å ta opp kampen mot Nyborg i eliteserien i volleyball.
Etter to år som utanlandsproff er ein gammal kjenning no tilbake i moderklubben.

FØR SESONGSTART: Den heimvende proffen Mathias Loftesnes lova før sesongstart at Førde skulle slå Nyborg...