Helga Kollen har i sju år vore hovudtillitsvalt i Fjord Line. Saman med den tillitsvalde på danmarksferja Fjord Norway, har ho no gått over til reiarlaget sin argaste konkurrent - Color Line som etablerar seg i Bergen i slutten av april.
Siste året har dei to sloss mot eigne eigarar som ville flagge ut til Færøyane og erstatte dei 350 norske sjøfolka med utanlands arbeidskraft.
Kollen vedgår at den tøffe tida er ei av årsakene til at ho no går over til «fienden».
- Men det er viktig å gå vidare i livet og ikkje stoppe opp.
Frode Birkeland som no er konstituert som hovudtillitsvalt i Fjord Line, synest det er trist at Kollen har forlete dei.
- Det vil vere eit tap for oss. Ho har gjort ein formidabel jobb. Vi er litt skuffa, seier han.
Kollen vil ikkje ta i bruk sterke ord mot sin tidlegare arbeidsgivar. Ho held no fram arbeidet for å betre vilkåra for norske sjøfolk. Håpet er at stortingsvalet i haust skal sikre eit fleirtal for at lønstilskotet til norske sjøfolk, den såkalla nettolønnsordinga, skal halde fram.