Hopp til innhold

Overfløymd kyrkje kan øydelegge for konfirmantane

Konfirmasjonsgudstenesta er i fare etter at kyrkja i Stryn vart fullstendig overfløymd.

Nordsida kyrkje overflødd i påska

GÅR PÅ VATNET: Kyrkjetenar og nabo til kyrkja, Rune Roset, vassar i kyrkjerommet.

Foto: Oddvar Bergset / Oddvar Bergset

– Det var vatn i inngangspartiet, i kyrkjerommet, i sidesalen, i kjellaren og på kjøkkenet.

Jorunn Beinnes Roset er soknerådsleiar i Nordsida kyrkje i Stryn. Påskeaftan skulle ho berre ein liten tur innom kyrkja.

Då ho låste seg inn, blei ho møtt av ei kyrkje full av vatn.

– Vasspruten stod ut frå kjøkkenet og lak vidare inn i kyrkjerommet. Det var vatn i absolutt alle rom, seier ho.

Det var avisa Fjordingen som først omtalte saka.

Kyrkjeverje Kari Synnøve Muri framfor kyrkjestolane som står på tørk utanfor kyrkja.

STOLAR PÅ TØRK: Nordsida har ikkje kyrkjebenkar, men nesten alle dei 250 stolane har fått vasskadar etter lekkasjen. No står dei på tørk utanfor kyrkja, her med kyrkjeverje Kari Synnøve Muri.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Lekkasjen starta i ein slange i ein kjøkkenbenk.

Kyrkjeverje i Stryn, Kari Synnøve Muri, veit ikkje kor lenge det har stått slik, men trur det er snakk om fleire timar.

– No ventar vi på ein rapport frå for å få kartlagd omfanget av skadane, seier ho.

På det djupaste vart det målt 3 cm med vatn inne i kyrkja.

STORE VASSMENGDER: Jesus gjorde vatn om til vin, men påskeaftan i kyrkja i Stryn var det ingen vin å oppdrive – berre store mengder vatn.

Foto: Oddvar Bergset

Må kanskje flytte konfirmantane

Lekkasjen gjer at det spøkjer for den planlagde konfirmasjonsgudstenesta i mai.

Etter to år med pandemi hadde soknerådsleiar Roset og resten av soknerådet gleda seg til å halde kyrkja open igjen.

– Det er synd at vi kanskje må flytte konfirmantane til andre kyrkjer, seier Roset.

Ein av dei som skulle ha konfirmert seg i Nordsida er Madeleine Steinsåker Veddegjerde.

– Det vil sjølvsagt vere litt dumt viss eg ikkje kan konfirmere meg i kyrkja vår, seier ho.

Alternativet er Randabygda kyrkje i Stryn, noko konfirmanten tykkjer er ok.

– Men vi veit ikkje noko enno, så det får skje det som skjer.

Mari Salkjel er prost i Nordfjord prosti. Ho seier til NRK at «det er omfattande skader, og det er blitt gjort viktig arbeid for å avgrense skadane så mykje som råd.»

– Vi veit enno ikkje om det er realistisk å gjennomføre konfirmasjonsgudstenesta, då det framleis er behov for å tørke bygget, legg ho til.

Sokneprest i Hornindal, Mari Saltkjel

OMFATTANDE SKADAR: Prost Mari Salkjel veit ikkje om eller når dei kan gjennomføre konfirmasjonsgudstenesta.

Verdifullt inventar klarte seg

Muri har jobba som kyrkjeverje i Stryn kommune i snart fire år, og har aldri opplevd liknande før.

– Det kom heldigvis raskt folk til for å hjelpe, og det gjorde at vi klarte å berge verdifullt inventar som alterparti, preikestol, orgel og piano.

Det var vatn i alle rom i kyrkja etter at ei vassledning i ein kjøkkenbenk blei øydelagd.

STORE SKADAR: Det var vatn i alle rom i kyrkja, og det er uvisst når ho kan opne att.

Foto: Oddvar Bergset