Hopp til innhold

Over 50 studentar smitta i utbrot i Bergen

Bergen kommune har stengt ned alle treningssenter for å få oversikt over smitteutbrotet blant studentane denne veka. No ber smittevernoverlegen studentane om å halde seg i Bergen.

Smitte på Sats

STENGER TRENINGSSENTER: 41 personar er i karantene etter å ha vore i gruppetimar med ein koronasmitta person på dette treningssenteret.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Over 50 personar tilknytt studentmiljøet i Bergen har fått påvist koronasmitte denne veka. Kommunen jobbar no på spreng med å kartleggje situasjonen og drive smittesporing. Assisterande smittevernoverlege Egil Bovim ventar at talet på smitta vil stige.

– Vi er ikkje kome så langt enno at vi ikkje kan seie at vi ikkje ventar fleire smitta, seier han til NRK.

Smittevernoverlegen ber studentar som framleis er igjen i Bergen om ikkje å reise heim på påskeferie til andre deler av landet.

– Kvar enkelt må tenkje grundig gjennom om det er lurt å reise. Viss du ikkje har veldig gode grunnar for å reise ut av Bergen, bør du bli der, er bodskapen hans.

Henrik Waage Tjore

STØTTAR SMITTEVERNOVERLEGEN: Leiar for Studenttinget på Vestlandet, Henrik Waage Tjore.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Studentleiar: – Utruleg trist

– Slik situasjonen er no, er det kanskje eit godt råd. Men veldig mange studentar har nok allereie dratt heim, seier leiaren for Studenttinget på Vestlandet, Henrik Waage Tjore.

Han beskriv situasjonen som «alvorleg» og seier dette kjem etter eit svært tungt år for studentane.

– Det er utruleg trist at disse tala kjem no. Eg syns veldig synd på alle som er ramma av dette, seier Tjore.

Hilde Odland, daglig leder CrossFit Bryggen

– SUPERUHELDIG: Hilde Odland er dagleg leiar i CrossFit Bryggen.

16 smitta på treningssenter

Etter smitteutbrot på fleire treningssenter i sentrum, vedtok byrådet laurdag kveld å stenge alle treningssenter i Bergen ut mars.

Berre på CrossFit Bryggen har 16 har fått påvist korona og ca. 150 er i karantene etter å ha vore på treningssenteret, ifølgje BT.

– Det er ikkje noko kjekt. Vi har vore superuheldige Eg unner ingen å stå i dette, seier dagleg leiar på CrossFit Bryggen, Hilde Odland, til NRK.

Ho seier senteret har vore strenge på smittevern og rutinar etter koronautbrotet.

– Eg ser ikkje heilt kvifor det blei oss. No håpar vi berre situasjonen kjem under kontroll, slik at andre slepp å oppleva det same, seier Odland.

Egil Bovim

JOBBAR PÅ SPRENG: Assisterande smittevernoverlege i Bergen, Egil Bovim, reknar med at det kjem fleire smitta.

Foto: Anne B. Vassbotn, KoKom

– Ser alvorleg på situasjonen

– Vi ser at ein del av studentane som er smitta har vore på opptil fleire av treningssentera, og difor bestemte byrådet å stengje sentera nokre dagar for å hindre smittespreiing, forklarar Bovim.

Han seier at avgjerda til byrådet var rett, men han vedgår at det var ei vanskeleg avgjerd.

– Det å stengje treningssenter i påska, då det er lite anna å gjere, var ikkje ei lett avgjerd.

Bovim seier dei gjer alt dei kan for å hindre at smitten med det muterte viruset skal kome ut av kontroll.

– Vi ser alvorleg på situasjonen, og vi er opptekne av å kome i gang så fort som mogeleg med arbeidet så vi ikkje risikerer eit skikkeleg stort utbrot.

Heng saman med smitte på bedehus

41 personar blei sette i karantene fredag etter å ha trent i same gruppetimar som ein person som fekk påvist smitte ved eit anna treningssenter.

Smitteutbrotet blant studentane vert ikkje kopla berre til treningssentera, men det er også koplingar til smitten i bedehusmiljø på Askøy og Øygarden, ifølgje Bovim.

– Vi ser på dette som eitt stort utbrot, men i kyrkjesamfunna har vi fått oversikta, seier han.

Søndag ettermiddag er det ikkje aktuelt å innføre nye tiltak i Bergen, men Bovim utelukkar det ikkje, om smitten held fram med å auke.

– Vi håpar ikkje det, men dette må vi vurdere frå dag til dag.

Oppsving i smittetala

Smittetala har lenge vore relativt låge i Bergen, men fekk ein ny oppsving frå onsdag denne veka, med ein førebels topp på 44 smitta torsdag.

Samstundes har testtala slått alle rekordar, og var torsdag på 3408 personar.

Søndag var talet på nye smitta nede på 24. Dei fleste er i 20-åra.

– Førebels har vi ikkje fått den store tredje bølga her i Bergen. Vi jobbar no iherdig med å forhindre den og håpar at dette tiltaket bidreg til det, seier byrådsleiar Roger Valhammer om nedstenging av treningssentera.