Hopp til innhold

Ordførar skuffa over bedehusmiljøet - over 650 i karantene

Det britiske muterte viruset har spreidd seg over kommunegrenser og mellom kyrkjelydar i Askøy, Øygarden og Bergen. Over 30 er smitta.

Ordfører i Askøy Siv Høgtun

REAGERER: Ordførar i Askøy kommune, Siv Høgtun, er skuffa over at arrangementa vart haldne med så mange frammøtte.

Foto: Karoline Finnema / NRK

På ei gudsteneste på Askøy var det 66 personar sist sundag - ei veke seinare er 300 i karantene.

På Saron pinsemenighet på Øygarden var det 36 personar på to samlingar - no er over 350 i karantene.

Innbyggjarar på Askøy har delteke på møter i Øygarden, og innbyggjarar frå Øygarden har delteke på ei gudsteneste på Askøy.

Ingen veit kor smitten har oppstått.

– Kor det kjem frå, anar eg ikkje, seier Agnar Våge.

Han deltok i dei to møta på søndag og tysdag i Pinsemenigheten Saron i Øygarden. No er han og kona koronasmitta, og må halde seg i isolasjon heime.

Det var Vestnytt som først omtalte saka.

Sterke reaksjonar

I kjølvatnet av gudstenestene har ordføraren i Askøy, Siv Høgtun, reagert på at så mange har møtt opp til arrangement, og at dei kryssa kommunegrensene for å gjere det.

– Me er skuffa over at det har føregått slike arrangement, etter at me har oppfordra alle til å avlyse, seier Høgtun.

Ordfører i Askøy Siv Høgtun

REAGERER: Ordførar i Askøy kommune, Siv Høgtun, er skuffa over at arrangementa vart haldne med så mange frammøtte.

Foto: Karoline Finnema / NRK

Askøyværingen melder om at det var 66 personar som møtte opp på gudstenesta på Kleppe bedehus på sundag. Torsdag kveld hadde tre av desse har no fått påvist koronavirus.

Ordføraren har vore i krisemøte for å få oversikt over situasjonen.

Høgtun seier at dei førebels ikkje har alle fakta på bordet til å avgjere om nokon skal meldast til politiet.

Det skal vurderast fredag.

Ordføraren seier at ho reknar med at smittetala kjem til å stige dei neste dagane.

Ikkje ulovleg å krysse kommunegrenser

Bård Hauge er styreleiar i Askøy Misjonsforsamling.

Han seier at det å reise til andre kommunar for å delta på gudstenester, er vanleg, men mindre vanleg i koronapandemien.

Bård Hauge

HELD METEREN: Styreleiar i Askøy Misjonsforsamling meiner ikkje dei har brote nasjonale smitteverntiltak.

Foto: Danielsen VGS

– Det har jo vore oppfordra til at det ikkje skal gjerast, men det har ikkje vore ulovleg, seier Hauge.

I Saron pinsemenighet i Øygarden har det vore spekulasjonar om det var salmebøker som vart delt ut som var syndaren.

Hauge avviser at det same kan ha skjedd i kyrkjelyden på Askøy.

– Me bruker ikkje salmebok hjå oss. Me har alle songane på veggen med projektor, forklarer Hauge.

Hauge seier at dei i snitt er om lag 50 personar i bedehuset på ein normal gudsteneste.

Har følgd retningslinjene

Agnar Våge kan ikkje forstå korleis så mange har blitt smitta i Saron.

– Eg meiner me har vore ganske flinke til å følge avstandsreglane som me har blitt pålagt, seier Våge.

Agnar Våge

ISOLASJON: Agnar Våge vart smitta på samling med Saron kyrkjelyd.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

På samlinga på tysdag, der alle frammøtte vart smitta, var det ifølge Våge ingen openberre kontaktpunkt - med unntak av ei salmebok som vart levert ut av same person.

– Det var nokre songbøker som vart delte ut, men det er vanskeleg å forstå at det er smittekjelda når alle sit med kvar si bok, seier Våge.

Kan finne justeringar

Ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik, har hatt eit møte med leiarar i trussamfunna i kommunen om endringar av smittevernreglane, sidan den britiske mutanten spreier seg lettare enn den ordinære.

Ordførar Tom Georg Indrevik (H)

MØTE MED TRUSSAMFUNN: Ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik (H) vil justere smitteverntiltaka for å unngå spreiing.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

På møtet vart dei mellom anna einige om å ikkje krysse kommunegrenser for å delta på andre arrangement.

– Det er ei nasjonal anbefaling om at ein ikkje skal gjere det, men den understreka me, seier Indrevik.

Ordføraren seier dette er ekstra viktig med tanke på at me nærmar oss påske.

– Me går inn i ei påskehøgtid kor mange av desse har høg aktivitet, og me ynskjer ikkje nye oppblomstringar. Då må me finne nye tiltak som hindrar det, seier Indrevik.

Indrevik rosar kyrkjelyden for å vera open om smitteutbrotet.

– Det at denne gruppa står fram når det oppstår smitte bidreg til større openheit rundt temaet, seier Indrevik.