– Eg synest det er leit for alle som ferdast der. Det verkar som om nokon ikkje vil at ting skal skje fort på denne strekninga, seier ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad (Sp).
Det er gått eit år sidan lokalpolitikarane feira at ein samstemt transportkomite på Stortinget gjekk inn for at å setje av planleggingsmidlar til utbetring av flaskehalsane på E39 mellom Sandane og Byrkjelo.
- LES OGSÅ: No jublar dei for planleggingsmidlar
– Folk skuldar på kvarandre
Gullkista og Jarbru-Eide er to av dei dårlegaste partia på E39. Vegbana er smal, svingane krappe, og nedanfor stuper fjellsida ned i Breimsvatnet.
Vel 2400 bilar passerer området kvar dag i fylgje Vegvesenet, men like fullt er utbetringa av flaskehalsane heilt i det blå, meiner ordføraren.
– Saka flyt, folk skuldar på kvarandre, ingenting skjer, og det er ikkje noko som er verre enn det, seier Gloppestad oppgitt.
- LES OGSÅ: Varslar kamp om E39 opprusting
- LES OGSÅ: Vil ha opprusting før ny E39
Vil ha meir pengar
For trass i at Stortinget sette av ein million kroner er Vegvesenet langt frå samstemte med politikarane i kva som bør skje på strekninga.
Gloppestad ser for seg mindre tilpassingar, og meiner at det er dette Stortinget har løyvd pengar til å greie ut.
Vegvesenet på si side meiner det trengst tunnelar på begge flaskehalsane, og trur det vil koste over ein milliard kroner. Då må prosjektet inn i Nasjonal transportplan, noko som fort kan trenere opprustinga.
Avdelingsdirektør i Vegvesenet Svenn Egil Finden meiner det då krevst langt meir pengar til planlegging.
– Prosjekta er på over ein milliard, og er avhengige av å kome inn på Nasjonal transportplan. Samstundes ser vi også på moglegheita for å gjere enkle tiltak, men det er nok sterkt ynskjeleg med ei større utbetring som betyr tunnelar. Ein million er då for lite til planlegging.
Venstre krev møte med Solvik-Olsen
Sveinung Rotevatn (V) var blant dei som hausta ære etter løyvinga i fjor. No er han lite nøgd, og krev eit møte med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp)
– Eg meiner det er skuffande og alvorleg at det Stortinget har bedt om, og som samferdsleministeren har stadfesta skal skje, likevel ikkje har skjedd hjå Vegvesenet.
Men om Vegvesenet har rett, kan ikkje det tyde på at politikarane har følgt feil spor i dennes saka?
– Eg er positiv til tunnelar inn mot Nasjonal transportplan, men dette er lange prosessar og i mellomtida står trafikken. Stortinget har bedt om at alle steinar skal snuast når det gjeld rask og rimeleg opprusting, det har ikkje Vegvesenet svart på.
NRK har i tre dagar prøvd å få svar frå samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen, som førebels ikkje har svart.