Hopp til innhold

No har ordføraren god grunn til å glise

Krappe svingar, smal veg og gjentekne stopp når ein møter tungtrafikk. Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad er svært godt nøgd med at pengane no kjem til planlegge utbetring av E39 mellom Sandane og Byrkjelo.

Leidulf Gloppestad

KAN GLISE: Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad, er svært godt nøgd med at det no kjem pengar til planlegging av utbetring.

Foto: Bård Siem / NRK

– Dette er veldig gledeleg, seier Gloppestad til NRK.no onsdag føremiddag.

Ein samstemt transportkomite på Stortinget går inn for at det skal setjast av planleggingsmidlar til utbetring av flaskehalsane på E39 mellom Sandane og Byrkjelo.

Når Gloppestad viser fram strekninga i området som blir kalla Gullkista er det tydeleg for alle og ein kvar at vegen sårt treng ei oppgradering. Vegen er smal og går i krappe svingar, nedanfor går fjellsida rett ned i Breimsvatnet. Møter du eit større køyretøy her må du ofte stoppe heilt opp.

– Dette er eit veldig dårleg område. No får vi 20 minutts avgangar på Anda-Lote, og trafikken på dette sambandet vil gå opp. Då blir det viktig at vegen held skikkeleg standard, seier Gloppestad til NRK.

– Dette har vi jobba mykje for

Svein-Ottar Sandal

JULEGÅVE: Svein-Ottar Sandal, leiar i Gloppen KrF, er svært glad for at hard jobbing inn mot Stortinget har gitt resultat.

Foto: Privat

Også leiar i Gloppen KrF, Svein-Ottar Sandal, er svært godt nøgd med det tydelege signalet frå transportkomiteen.

– Dette har vi jobba mykje for, og no ser vi resultatet, seier han.

Han seier dei lenge har jobba for å synleggjere behovet for opprusting. Sandal viser til at det er stor trafikk på E39 mellom Sandane og Gloppen, og at vegen er mykje brukt av både pendlarar og trafikantar som skal sør-nord langs kysten.

– Statens vegvesen hadde ikkje denne vegen inne på sitt planleggingsprogram, difor var det svært viktig å få dette signalet frå ein samla stortingskomite, seier Sandal.

Planlegginga skal starte opp allereie neste år.

– I år fekk vi denne julegåva til vår region, og kanskje neste år kan vi få på plass reelle løyvingar. Det må vere målet vårt.

Området kalla Gullkista, på E39 mellom Sandane og Byrkjelo

SMALT: Det er fleire stader på strekninga mellom Sandane og Byrkjelo så smalt at det ikkje er passering. I området Gullkista blir det ofte bom stopp når to store køyretøy møtest.

Foto: Bård Siem / NRK

Har framleis ein kamp føre seg

Det har lenge vore uvisse om det ville komme pengar til planlegging av utbetring av strekninga, og E39 gjennom Gloppen fekk først ikkje plass i statsbudsjettet.

Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre i Sogn og Fjordane, har vore blant dei som har jobba for å få midlane på plass og tok saka vidare til transportkomiteen.

Gloppestad seier dei framleis må jobbe på.

– No må vi sørge for at Vegvesenet startar med planlegging så fort som råd, og at det blir sett av pengar i statsbudsjettet slik at ein kan byrje gjere noko etter at planlegginga står ferdig.

Det finst ifølgje ordføraren eit kostnadsoverslag for kva ei utbetring av strekninga vil koste, men den er så gamal at den ikkje kan vektleggast. Uansett kostnad må utbetringa gjerast.

– Vi snakkar om ein europaveg og dette er ikkje ein europaveg verdig.