Hopp til innhold

Ordførar skuffa over pengestraumen frå regjeringa

Regjeringa vil gje kommunane meir i frie inntekter neste år. Men i Hyllestad er ordførar Morten Askvik (Sp) sjokkert over budsjettframlegget.

Morten Askvik, ordførar Hyllestad

SJOKKERT: Vi blir teke ned på alle moglege former for inntekter, samstundes som vi ventar ein auke i utgiftene våre, seier ordførar Morten Askvik (Sp) i Hyllestad.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Regjeringa vil gje kommunane 2,6 milliardar kronar meir i frie inntekter i 2019. Det kjem fram i forslaget til neste års statsbudsjett. Pengane skal blant anna gå til skule, fylkesvegar og til tilbod for rusavhengige. Her finn du tala for kommunar og fylke.

For landet sett under eitt vert det rekna med at kommunane vil få ein vekst i frie inntekter på 2,9 prosent.

Ti kommunar i Sogn og Fjordane får ein vekst som er høgare enn, eller lik, veksten på landsbasis. Det er litt betre enn i 2018.

– Samla sett viser budsjettet at kommunane her i fylket ligg betre an i 2019, seier Kåre Træen hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Minst til fråflyttingstruga kommunar

Men det er store forskjellar mellom kommunane, og fråflyttingstruga kommunar får mindre pengar enn tidlegare.

Kommunane Utsira i Rogaland og Vega i Nordland kjem ut med ein nedgang på 0,5 prosent. Loppa i Finnmark, Engerdal i Hedmark og Rødøy i Nordland har låg vekst, med sine 0,8 prosent.

– Forklaringa er endringar i den enkelte kommune, til dømes at ein får fleire eldre eller færre elevar i grunnskulen. Det gir lågare utgifter for kommunen, seier Træen.

I Sogn og Fjordane er det Hyllestad som kjem dårlegast ut, med ein vekst på ein prosent. Ordføraren i Hyllestad er sjokkert over forslaget til statsbudsjettet.

– Eg venta å bli skuffa, men eg vart sjokkert skuffa. Vi blir tekne ned på alle moglege former for inntekter, samstundes som vi ventar ein auke i utgiftene våre, seier Morten Askvik (Sp).

– Feil retning

Hyllestad-ordføraren meiner det går i ein retning der små kommunar får mindre.

– Dei tek frå oss millionbeløp. Det blir eit veldig vanskeleg budsjett, og regjeringa legg opp til ei dårleg utvikling i Hyllestad kommune.

No har Askvik ei oppfordring:

– No må KrF kome på rett side og få til eit anna budsjett, seier han.

Vekst i Balestrand

Balestrand kommune er ein av vinnarane, men ein auke på 7,6 prosent.

– Vi har stort sett lege i andre enden av tabellen. Det er andre gong eg opplever ein realauke i løpet av mine sju år som ordførar. Generelt sett får vi veksten fordi vi får ein auke i utgiftsbehovet i 2019, seier Balestrand-ordførar Harald Offerdal (Ap).

Harald Offerdal

VEKST: Balestrand kommune og ordførar Harald Offerdal (Ap) opplever ein vekst på 7,6 prosent.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Offerdal forklarar mykje av auken med at kommunen har fått totalansvaret for fire brukarar som krev mykje ressursar.

Framover vil kommunane måtte vente lågare inntekter.

– Frå 2020 er skattesatsen på bustadar og fritidseigedomar signalisert å ikkje overstige 5 promille. I dag er det sju promille, og då vil kommunar få lågare inntekter, seier Kåre Træen hjå Fylkesmannen.