Like etter klokka 19.00 måndag kveld var det stor røykutvikling frå ein lastebil på veg på Kvamskogen til Samnanger på fylkesveg 7 i Hordaland.
Ordføraren i Kvam, Jostein Ljones, var på veg til Samnanger på motorsykkel då han byrja å kjenne lukta av svidde bremsar.
– Når eg kom nedover frå Kvamskogen kjente eg at det lukta røyk. Eg køyrde forbi nokon bilar for å finna ut kva det var. Når eg kom ned i svingane i Mørkhølen var heile dalen røyklagt, og Liarostunnelen var full i røyk.
Det var ein bil framfor ordføraren som klarte å køyra forbi lastebilen og få han til å stoppa
– Røyken velta ut, og sjåføren kom ut med ei brusflaske som han skulle ut å kjøla ned med. Eg ringde brannvesenet sjølv om sjåføren prøvde å nekta meg det. Han trudde det kosta pengar, seier Ljones.
- Les også:
– Kunne blitt ein ny tunnelbrann
Han er uroa for kva som hadde skjedd om lastebilen hadde køyrd vidare nedover.
– Hadde ikkje me klart å stoppa han, så hadde nok denne bilen tatt fyr, og det var ein lang tunnel like etter. Hadde bilen stått i fyr der, hadde me hatt ein ny tunnelbrann, seier Ljones.
Brannvesenet i Samnanger var raskt på plassen, og er svært glade for at lastebilen blei stoppa.
- Les også:
– Det kunne tatt fyr, og det kunne gjort at han hadde vore utan bremseeffekt på eit fullasta vogntog. Med mange bratte nedoverbakkar kunne det ha enda svært dårleg, seier Magne Lofthus, vakthavande utrykkingsleiar i brannvesenet i Samnanger.
Fekk ikkje køyra vidare
Brannvesenet følgde lastebilen ned til ein rasteplass etter dei hadde avkjølt bremsane. Der blei det bestemt at sjåføren ikkje får køyra vidare før han har fått hjelp frå reparatør.
– Er ikkje sjåførane medvitne nok på faren med bremsing i bratte parti?
– Mange er nok det, men så er det mange utanlandske sjåførar som kjem frå land med flate vegar, og som ikkje er vant til å køyra i stigningar, seier Lofthus.
- Les også:
– Vegvesenet burde vera synlegare
– Opplever de at sjåførar vegrar seg for å ta kontakt med brannvesenet?
– Ein del av dei utanlandske sjåførane har gjerne ei oppfatning om at det kostar frykteleg mykje å få hjelp. Dei burde vera klar over at det er gratis å få hjelp av brannvesenet, seier Lofthus.
Ordførar Ljones meiner Vegvesenet burde vera meir ute og kontrollera køyretøya.
– Kunnskapen om å køyra i norsk terreng er tydleg ikkje god nok. Med alle tunnelane som er på desse vegane så er det livsfarleg. Ein bør absolutt ha hyppigare kontrollar, slår Ljones fast.
- Les også: