Hopp til innhold

Optimisme trass underskot for Hydro

Hydro Årdal Metallverk hadde eit underskot på 10 millionar kroner før renter og skatt i første kvartal. Resultatet er ein million kroner dårlegare enn same kvartal i fjor.

Hydro Årdal

UNDERSKOT: Hydro i Årdal gjekk med underskot i første kvartal i år. Dette skuldast at alle pensjonskostnadane for 2014 er lagt inn.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Egil Fredriksen

NØGD FABRIKKSJEF: Egil Fredriksen er optimist og reknar med overskot i andre kvartal.

Foto: Heidi Lise Bakke/NRK

Verket har inkludert alle pensjonsutgifter i første kvartal. Difor er fabrikksjef Egil Fredriksen likevel optimist og reknar med overskot i andre kvartal.

– Sjølve drifta vår går veldig godt. Årsaka til underskotet er at vi har lagt inn alle pensjonskostnader for dette året. Det svarar til 13 millionar kroner, seier han til NRK.no.

Dei avslutta 2013 med overskot, og Fredriksen seier produksjonstakta dei hadde då, vil halde fram.

– Her går det så det ryk. Vi har ny produksjonsrekord både i elektrolysen og i støyperiet. Det er vi veldig krye over. Med dei føresetnadane som ligg føre no, går vi mot pluss i andre kvartal.

Støyperiet er pengemaskin

Prisen på aluminium har gått ned i forhold til i fjor. Fabrikksjefen seier Hydro har tilpassa seg dette og at dei greier å halde hovudet over vatnet.

– Vi jobbar mykje med støyperiprodukta våre for å komme inn på marknaden. Vi går inn på vanskelege produkt i støyperiet og har bra suksess med det. Støyperiet er no pengemaskinen vår, tidlegare var det elektrolysen, seier Fredriksen.

Nedgang også i Høyanger

Hydro i Høyanger hadde i 1. kvartal eit overskot på 1, 4 millionar kroner, mot 13,1 millionar i same kvartal i fjor. Nedgangen skuldast i hovudsak lågare prisar på aluminium og høgare råstoffkostnader.

– Resultatet i 1. kvartal avspeglar ei god og effektiv drift, opplyser Hydro Høyanger Metallverk i eit pressemelding.