Kven har den kulaste russebilen?

NRK Sogn og Fjordane skal kåre den kulaste russebilen i fylket. Send inn bilete og bli med i konkurransen.

Russebilar på russetreffet i Førde natt til 1. mai

RUSSEBILKÅRING: Send inn bilete av russebilen din og bli med i konkurransen som å vinne pizza til heile russegjengen.

Foto: Simon Solheim / NRK

Premien er eit gåvekort på ein pizzarestaurant for heile russegjengen som eig vinnarbilen.

Gåvekortet er på 2000 kroner og kan nyttast på ein valfri pizzarestaurant i Sogn og Fjordane.

Lesarane er jury

– Vi er midt oppe i russetida, noko som er ei viktig tid for veldig mange ungdommar. Det er mange flotte russebilar på vegane og vi vil syne dei fram for lesarane våre, seier redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske i NRK Sogn og Fjordane.

Vi kjem til å presentere alle russebilane som vert sende inn, og det er opp til lesarane av NRK.no å bestemme kven som vinn konkurransen.

– Det er mange som legg mykje pengar og arbeid i russebilane. Ein russebil har mange funksjonar og er ofte eit sosialt midtpunkt, seier Raasholm Fauske.

Fokus på utsjånad

I førre veke kåra Statens vegvesen den tryggaste russebilen i Sogn og Fjordane. «Lille promille» frå Dale vidaregåande skule stakk av med sigeren.

Lesarane til NRK skal ikkje kåre den tryggaste russebilen, men den mest spenstige, kulaste og best dekorerte bilen.

– Vi har fokus på utsånad i denne konkurransen. Vi vil ha bilete av bilen utvendig, men også innvendig. Vi vil gjerne ha bilete av tøffe og artige detaljar, seier Raasholm Fauske.

Slik deltek du i konkurransen

  • Send bilete av russebilen din til NRK-journalist Simon Solheim, på epost simon.solheim@nrk.no. Merk eposten med «Konkurranse: Russebil».
  • Du må også ta med: Bilmerke, årsmodell, namn på bilen, namn på eigarar og kva vidaregåande skule du går på. Skriv gjerne nokre setningar om kvifor din russebil er kulast og bør vinne.
  • Frist for innsending er 10. mai 2010.