Sex med ti gir knute i lua

Sex med ti personar, gå med brød som sko eller rope «Dette er tran» i ein bank - dette er berre tre døme på russeknutar dette året.

Russ

VÅRYRE RUSSAR: Russen i Sogn og Fjordane har travle dagar fram mot 17. mai.

Foto: Rune Fossum / NRK

Russepresident Nikolai i Florø

RUSSEPRESIDENTEN: Nikolai er sjef over russane i Florø.

Foto: Privat

Russefeiringa er i full gang, og raud,- blå- og svartkledde russar inntek gatene mange stader i fylket.

Ein viktig del av feiringa er nettopp russeknutane, med drikking, sex, tøys og tull.

124 knutar å velje mellom

I Florø starta russefeiringa for to dagar sidan og russen er godt i gang med feiringa si. 117 raudrussar skal feire at dei er ferdige med tre år på vidaregåande skule.

Årets russ i Florø kan velje mellom heile 124 knutar dette året.

– Det er noko for einkvar smak her. Mange er generelle for all russ og det er berre fire vi har kome med sjølv, seier russepresident Nikolai.

Rote med eldre damer

Mellom anna punkt 120: «Rote med tre MILF (= Mothers I'd Like to F**k ) i løpet av russetida». Han fortel om kvifor denne knute kom med.

– Det er nokre gutar i kullet som har vore ute på byen og så har det skjedd litt forskjellig. Difor kom denne knuten med, ler han.

– Vi skal vere snille

Nikolai

RUSSETID: Russepresidenten veit enno ikkje kva knutar han skal prøve å ta.

Foto: Privat

Russeknutane handlar mykje om sex, drikking og å ta førsteklassingar. Eller førstissar som dei blir kalla.

Tidlegare år har russen blitt kritisert for å ha terrorknutar som går ut over spesielt førsteklassingane på dei vidaregåande skulane. Russepresidenten seier at russen har blitt snillare.

– Dei siste åra er mange knutar gjort om på. Vi presiserer no at alt skal vere frivillig, for vi ønskjer ikkje å vere slemme. Det er moroa vi er ute etter, seier han.

Å ta ein "shot" kvar gong Postmann Pat feilgirar er ein knutane russen kan prøve seg på. Alle som har sett ein slik film veit at det skjer ein del gonger. Å ete ein boks kattemat på fem minutt er ein anna.

Blei skremde

Av dei meir ekstreme er å drikke ein kasse øl på 12 timar. Men eit oppslag på aftenposten.no har skremd russen i kystbyen. Ein lege ved Folkehelseinstituttet åtvarar russen mot denne drikkinga og sier at å drikke så mykje kan gi ein promille på 3,7.

– Vi har tenkt å sjå på desse knutane. Vi blei litt skremde då vi las dette.

Han trur uansett at ikkje mange prøver seg på dei meste ekstreme drikkeknutane.

– Eg skal i alle fall ikkje prøve. Russen må gjerne kose seg og drikke litt, men ikkje bli døddrukne.

Trur få prøver seg

På lista er det også mange knutar som handlar om sex. Ein av dei er å ha sex med ti personar i russetida. Det gir ein Rimipose i lua.

– Eg trur det er få som prøver seg på dei mest ekstreme knutane. Nokre knutar står der berre for å stå der.

– Er ikkje ein del av knutane umoralske?

– Jo, dei er kanskje det. Men eg trur dei fleste veit kvar grensa går, iallefall russen i Florø. Men det vil alltid vere folk som ikkje har dei same grensene.

– Høyres vilt ut

Ein av knutane som får politiet til å reagere er den som gir ein tranflaskekork: «Løpe inn i en bank med en tranflaske og skrike DETTE ER TRAN, selvsagt med innlevelse».

Operasjonsleiar Stig Inge Hauge i politiet likar ikkje dette.

– Dette høyres vilt ut. Du høyrer jo sjølv kor likt det høyres ut noko anna. Alt som kan misforståast er ei dårleg sak og det kan bli reaksjonar frå oss. Eg trur heller ikkje banktilsette set pris på dette, seier Hauge.

Må vite kvar grensene går

Russestyret i Florø har vore klare på at sjølv om elevane uniformerer seg med russedress, så må dei oppføre seg.

– Vi kan ikkje gjere som vi vil sjølv om vi får på oss ein russedress.

– Det blir ikkje eit press om at russen må ta mange av knutane?

– Alt er heilt frivillig. Og sjølv om mange knutar kan virke ekstreme, trur eg at dei fleste tek dei uskyldige som å ete frokost i rundkøyringa.

Andre i same kategori er ein heil pakke Knott i munnen på ein gong, ete 60 Bamsemums på 60 sekund eller fylle for 100 kroner i bensin og så betale med tomflasker.

Kan få det travelt

Klarer du minst 50 knutar kan du farge dusken sølvfarga og for dei som klarer meir enn 80, blir den gullfarga. Russepresidenten veit ikkje om nokon tek så mange.

– Det gjenstår å sjå, dei får i så fall travelt dei neste to vekene.

Dårleg nytt for medrussen...

Som russepresident er han sjølv nemnt i nokre av knutane. Å få sjølvaste russepresidenten til sengs gir ein gullfarga champagnekort. Og dei som kliner med eit medlem i russestyret får godterileppe.

– Eg er ikkje akkurat redd for å bli overfalt, men det er litt kleint.

Han har uansett dårleg nytt til dei som prøver seg.

– «To bad», men i dag har eg fått påvist kyssesjuka. Men for meg er det kanskje like greitt, flirer han.