Hopp til innhold

Restar av tropisk orkan treffer Noreg: – Me ventar skred

Meir nedbør enn venta gjer til at NVE har valt å oppjustera farevarselet om flaum og jordskred til oransje. – Ei skikkeleg rotbløyte, seier meteorolog

Regnvarsel

Enkelte stadar er det varsla mellom 60 og 80 millimeter nedbør onsdag.

Foto: Meteorologisk institutt

– Natt til onsdag brakar det laus igjen, seier statsmeteorolog Frode Hassel.

Heile onsdag er det nemleg venta mykje nedbør i Vestland og dei nordlege delane av Ryfylke. Grunnen er at restane av den tropiske orkanen Eta treffer Noreg.

Lokalt kan det koma 60–80 millimeter på 12 timar. Det svarar til 6–8 tilitersbøtter per kvadratmeter.

– Det blir ei skikkeleg rotbløyte, seier Hassel.

Nedbøren utløyser tre farevarsel. Både Meteorologisk institutt og NVE sendte tidlegare i veka ut gule farevarsel om nedbør, flaum og flaum- og jordskred. Delar av varsla vart tysdag oppjustert til oransje nivå.

– Det er allereie vått i bakken, og det gjer til at grunnvatnet står høgt og at mettingsgrada i bakken er særs høg, seier Martine Frekhaug i jord- og flaumskredvarslinga hos NVE.

– Me ventar at det vil gå skred, seier Frekhaug.

Det kan skapa problem for mange. Risikoen for skadar er betydeleg større ved eit oransje farevarsel enn ved eit gult eit.

– Det kan føra til stengde vegar, skred, og alle slike skadar ein får når til dømes vatn kjem inn i hus, seier Erik Holmqvist, vakthavande hydrolog i flaumvarslinga hjå NVE.

Farevarsel for flaum i Vestland

Det oransje farevarselet for flaum gjeld i indre strøk av Vestland.

Foto: Varsom.no

Striregnet blir til snø torsdag

– Det kjem nok til å bli overvatn mange stadar, når det skal regna såpass lenge og såpass intenst, seier Hassel.

Han råder om å til dømes fjerna lauv frå sluk og rister.

– Men det blir nok overvatn mange stadar uansett, seier han.

Når onsdagen er over, slår vêret brått om. Torsdag kan det nemleg koma snø, heilt ned i låglandet.

– Det skal ikkje så mykje til før at blir problem av det også, seier Hassel.

Medan snøen torsdag truleg kjem til å koma som sludd i bygatene i Bergen, kan det bli så kaldt at den legg seg i indre strøk. Mellom anna på Voss er det meldt om minusgrader.

Fare om høg vasstand frå før

Frå før av var det sendt ut gult farevarsel om høg vasstand langs store delar av den norske kysten, frå Bergen i sør, til Andenes i nord. Varselet har vore gjeldande måndag og tysdag denne veka.

Farevarsla om flaum og jord- og flaumskredfare har likevel ikkje direkte kopling til varselet om vasstand.

– Det heng jo saman vêrmessig, mellom anna fordi det har vore mykje pålandsvind. Men det er ikkje nokon ein-til-ein-kopling mellom varsla, seier Holmqvist.

Laster Twitter-innhold