Hopp til innhold

Opnar bowlinga for dei som ikkje har nokon å feire jul med

I Førde opnar bowlinga for dei som ikkje har nokon å feire jul med. – Vi ser teikn til at fleire tør å be om hjelp i annleisåret, seier Røde Kors-leiar.

Kim Rio, Førde Bowlinghall

MØTEPUNKT: Dagleg leiar Kim Rio skulle sjølv feira jul heime i Nordfjord, men inviterer i staden til bowlinga. – Uønskt einsemd i jula gjorde at vi vil halde ope.

Foto: Julianne Flølo

– Eit lite bidrag i kampen mot einsemd og utanforskap i mørketida, seier dagleg leiar i Førde bowling, Kim Rio.

I år opnar dei dørene på julekvelden for første gong.

– Høgtidene forsterkar jo både kjensler, minne og tankar. Eg synest det er leit at så mange kjenner på einsemd i jula, og særleg unge folk, seier Rio.

Ferske tal viser at heile seks av ti saknar kontakt med andre menneske.

I oktober auka einsemda kraftig blant dei yngre.

Vil senke skuldrene

Fleire hjelpeorganisasjonar er uroa for at jula i år kan bli meir einsam for fleire, også dei vaksne.

– Julaftan er ein dag som kan opplevast som eit stort press. Vi skal lukkast med gåver, familie og mat – og då er det sårt å oppleve at ein ikkje har nokon å vere i lag med, seier diakonarbeidar Ingvar Vagstad.

I meir enn ti år har kyrkja saman med frivilligsentralen arrangert julefeiring. På det meste var 180 med på festen.

Ingvar Vagstad og Kari Valle, jul på kyrkjetunet

FARGERIKT: Diakonmedarbeidar Ingvar Vagstad og Kari Valle i frivilligsentralen sørgar for at juletreet blir klart.

Foto: Julianne Flølo

I år kjem om lag 40 personar til duk og dekka bord for å feire julaftan hos kyrkjetunet.

– Her kan folk komme som dei er, utan krav. Det å få møte lengselen etter å vere saman på ein julekveld er givande, seier han.

Enorm givarglede i år

Også eldre har fått kjenne på korona-konsekvensane. Angst- og depresjonssymptom hos vaksne er nærast tredobla under pandemien.

Hos Røde Kors i Førde er ti frivillige i full gang med å pakke julekasser som skal ut til over 60 heimar. Oppi kassene finn ein julemat og gåvekort.

Kjem de i mål?

– Ja, det er mykje å gjere, men det er veldig kjekt. Vi veit at folk treng hjelp, og det utgjer ein skilnad. Eg får energi av å vere med på dette, seier frivillig Magnhild Helgøy.

Ho har vore med sidan oppstarten for tolv år sidan.

Norvall Nøringset, Mahnhild Helgøy og Asbjørn Steen

ENGASJERT: Norvall Nøringset, Magnhild Helgøy og Asbjørn Steen er blant dei som sørgar for julemat til over 60 heimar.

Foto: Julianne Flølo

– Denne jula er det veldig mange som vil bidra med det dei kan. Vi får telefonar kvar dag, både frå privatpersonar og bedrifter. Økonomisk har det vore det enklaste året, fortel Norvall Nøringset som er leiar i Røde Kors Førde.

Han opplever at samfunnet har vorte varmare som følgje av pandemien.

– Eg håpar vaksinen tek viruset, men at omtanken for kvarandre blir igjen, seier han.

Asbjørn Steen, frivillig Røde Kors

IDÉ: Det var Asbjørn Steen som fekk ideen om julekorger for tolv år sidan. Kvart år sidan har han vore med på initiativet.

Foto: Julianne Flølo

Fleire spør om hjelp

Røde Kors-leiaren ser teikn til at fleire tør å be om hjelp, samanlikna med før.

– Vi rekna med eit større trykk frå organisasjonar og kommunar, fordi vi veit at mange slit. Heldigvis tør fleire å spørje om hjelp, og det trur eg vi kan takke pandemien for, seier han.

Ifølgje Unicef opplever kvar fjerde nordmann at pandemien verkar inn på deira evne til å gi barna den jula dei fortener.

Også hos bowlinga håpar dei at ingen kvir seg på å ta kontakt.

Rio skulle eigentleg feire heime i Nordfjord med familien sin.

– Men eg vil heller skape eit møtepunkt her, seier han.

Kim Rio, Førde Bowlinghall

OPNE ARMAR: Kim Rio ved Førde Bowlinghall fortel at alle som vil er velkomne til dei på julaftan.

Foto: Julianne Flølo