Hopp til innhold

Vedgår dårlegare helsetilbod

Styremedlem Anni Felde i Helse Førde, vedgår at nokre pasientar får eit dårlegare helsetilbod med dei omfattande sjukehuskutta som er føreslegne.

Anni Felde og Rune Larsen

Styremedlem Anni Felde sit side om side ved Rune Larsen under styremøtet fredag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Styret sit i dag samla på Sunnfjord hotell og skal ta stilling til omfattande endringar i sjukehusstrukturen. På kuttplanen er mellom anna fødetilbodet og det ortopediske tilbodet ved lokalsjukehusa.

Styremedlem i Helse Førde, Anni Felde, vedgår at dei omfattande kutta vil gå ut over nokre av pasientane.

- Nokre får eit dårlegare tilbod, og med det meiner eg at nokre får lengre reiseveg, men dei fleste vil få kortare. Så samla sett må dette vere tilfredsstillande, seier ho.