Hopp til innhold

Omstridd prest ber om ro: – Me må snakka om korleis me kan leva med usemja

SOGNDAL (NRK): Onsdag kveld måtte sokneprest Mikael Bruun svara for seg i møte med soknerådet. Sjølv manar han no til ro om situasjonen.

Mikael Bruun i Sogndal før møte i Stedje sokneråd 2. september 2020.

VIL SKAPA RO: Sokneprest Mikael Bruun vonar det roar seg med fokuset rundt hans syn på kvinnelege prestar i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det har storma rundt Bruun sidan han sist torsdag deltok i ein debatt i Dagsnytt 18.

Der la han ikkje skjul på at han meiner at berre menn kan vere prestar og at han utifrå sitt teologiske syn ikkje kan ha nattverd og gudsteneste med kvinnelege kollegaer.

Bruun si openheit har ført til ei rekkje oppslag i media. Blant anna i Sogn Avis der foreldra til 26 konfirmantar sa at dei ikkje ønskte at han skulle undervise deira ungdomar.

– Det er klart at det har vore ganske krevjande å ha den typen fokus på seg sjølv, seier Bruun før han skal i møte med soknerådet i Stedje i Sogndal onsdag.

Ekstramøtet handla berre om usemja kring Mikael Bruun og synspunkta hans. Før møtet var presten klar på kva han ville oppnå.

– Me ynskjer fyrst og fremst å bidra til å skapa lokal ro her i Sogndal, seier Bruun.

Korleis skal de få til det?

– Ved å snakka om saka, og snakka om korleis me kan leva med denne usemja i kyrkja, slik me har gjort før og har store planar om å gjera framleis.

Kyrkja beklagar

Alle dei tilsette i kyrkja i Sogndal sende ut eit felles brev etter møtet. Der skildrar dei saka som krevjande og trasig. 14 personar har meldt seg ut av kyrkjelyden den siste veka.

Dei tilsette meiner det er bra at ytringsfridomen står sterkt i Noreg.

– Me vil likevel beklaga overfor alle dei som kjenner seg såra og uroa etter dei ytringane som har vore den siste tida, skriv dei.

I brevet legg dei også vekt på at dei er glade i og stolte av den kvinnelege presten dei har i kyrkjestaben, og at det er fleire kvinnelege prestar i prostiet.

– Trass i ulike meiningar har me hatt eit godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø. Dette håpar me at me framleis skal ha, skriv dei.

Les heile uttalen her:

Nøgde med møtet

Etter møtet meinte Helge Torstad, leiar i soknerådet i Stedje, at det var konstruktivt.

– Alle fekk koma med sine meiningar. Me fekk og meir klargjering frå soknepresten. Soknerådsmedlemane er nøgde med kva me har høyrt og sagt, seier Torstad.

Soknerådsleiaren opplevde stemninga i møtet som litt spent i starten, og gjorde det klart for medlemmane at det som blei sagt på møtet kom til å bli verande i møterommet.

– Eg syns det var særs godt at alle hadde respekt for kvarandre, trass i ulike meiningar, seier Torstad.

Han seier soknerådet no ser framover.

– Me jobbar utifrå det me diskuterte på møtet. Eg trur dette kjem til å gå seg til, seier Torstad.

Leiar i Stedje sokneråd, Helge Torstad før møte i soknerådet 2. september 2020.

NØGD: Soknerådsleiar Helge Torstad trur det kjem til å gå seg til i Stedje i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK