Hopp til innhold

Økokrim åtvarar om svindlarar som bruker Ukraina-krigen til å vinne tillit

Økokrim åtvarar om «stadig fleire svindelforsøk» i ny trusselvurdering. Ukraina-krigen gjer at tala har gått opp.

Bildet viser en mobiltelefon.

BLIR MEIR UTSPEKULERTE: – Bedrageri er eit veksande problem i både privat og offentleg sektor, seier Pål Lønseth som er sjef for Økokrim.

Foto: Thomas Martinsen / NRK

– Akkurat no er det mange kriminelle som utnyttar situasjonen i Ukraina og sympatien som er knytt til den, seier Pål Lønseth, sjef for Økokrim.

Måndag publiserte Økokrim si trusselvurdering for 2022.

I den varslar dei at bedrifter og enkeltpersonar vert utsett for stadig fleire svindelforsøk, og at digitalisering og teknologisk utvikling har gitt svindlerana langt fleire verktøy.

– Ver kritisk til det du får tilsendt og blir kontakta om, seier Lønseth.

Pål K. Lønseth, sjef for Økokrim

– Bedrageri er eit veksande problem i både privat og offentleg sektor, seier Pål Lønseth som er sjef for Økokrim.

Foto: Hans-Olav Landsverk

– Det ser heilt ekte ut!

– Eg blei svindla for 1700 kroner då eg handla på Tise, seier Emma Gjelsvik Grane (16).

Tise er ein populær gratis-app for sal av brukte klede og interiørartiklar, som i hovudsak er retta mot unge kvinner.

16-åringen fortel at ho ikkje fekk tilsendt produktet ho skulle ha, men noko som likna.

– Kontoen eg bestilte frå blei blokkert. Eg fekk ikkje kontakt med seljar nokon stad og det har vore vanskeleg å fikse det, seier ho.

NRK møter ho saman med venninnene Tine Skovro, Aurora Årdal og Amalie Sofie Nesbø.

Dei har etter kvart god trening med å gjenkjenne svindelforsøk.

– Ofte ser beskjedane heilt ekte ut. Adressa er så godt som den same, men så er det ein liten detalj som avslører at meldinga er falsk, seier jentene.

Elevar ved Hafstad VGS.

SER RASKT AT NOKO ER FALSKT: – Det er viktig å vere merksame på svindel, og informere til dømes besteforeldre slik at heller ikkje dei går i fella, seier elevane ved Hafstad VGS. Frå venstre: Tine Skovro, Emma Gjelsvik Grane, Aurora Årdal og Amalie Sofie Nesbø.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Les også Kunne du latt deg lure av svindlere?

Illustrasjon av svindler foran en PC-skjerm.

Utfordrande tider for digitale bedrifter

Ein DNB-rapport frå januar viste tala på svindelforsøk gjekk opp under pandemien. Det er i tillegg til auken mellom 2018 til 2020, som var på 300 prosent.

– Det er stort samfunnsproblem fordi det er den kriminaliteten det er mest sannsynleg å bli utsett for. I tillegg vet vi at utbyttet frå bedragerier finansierer annan alvorleg kriminalitet, sa bedrageriekspert i DNB, Terje Fjeldvær

I februar fortalde NRK at Noregs arktiske universitet vart offer for ein ny svindelmetode retta mot offentlege institusjonar. Svindelen kosta universitetet 12 millionar kroner.

Et samarbeid mellom Kripos og Økokrim avdekka minst 47 liknande svindelforsøk i Europa.

– Auka i svindelforsøk krev meir både av oss som aktør, men også at brukarane sjølve er bevisste, seier Sigrun Stenseth, som er leiar for marknadsføring i Tise.

I takt med at selskapet har vakse i popularitet, har dei blitt eit meir attraktivt mål for ulike typar svindel, fortel ho.

– Vi har sett ei auke i forsøk på utspekulerte svindelforsøk dei siste åra.

Ho legg til:

– Får du eit dårleg inntrykk av seljaren, gå vidare.

Les også Her aksjonerer politiet mot svindlerne: Beslagla luksusbiler og millionbeløp

Bevæpnet aksjon mot svindlere.

Har alt for mange svindelsaker

Ein annan svindlarmetode er å gje seg ut for å vere frå til dømes banken.

– Del aldri BankID-hemmelegheiter, heller ikkje med dei næraste i familien din, seier Silje Sunde, leiar for forretningsstøtte i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Tidlegare i veka sende dei ut pressemelding om «auka pågang av falske oppringingar til kundane».

Andre typiske svindelforsøk banken ser er svindel via e-post og SMS.

– Det er ein enormt stressande situasjon for dei som blir utsett for dette, seier Sunde.

Ho seier metodane har vorte meir strategiske, som at ein sender melding om pakkar ved jul og gir seg ut for å vere frå skatteetaten i tida då skattemeldinga kjem.

Blir meir å passe på i framtida

I trugselvurderinga til Økokrim står det at det er grunn til å forvente ei auke i såkalla deepfakes, det vil seie videoar og lydinnhald som er vanskelege å avsløre som falske.

Deepfakes nyttar digitale verktøy til å stå fram som eit anna menneske.

– Ver skeptisk når du blir kontakta eller får tilsendt noko, seier Pål Lønseth.

Les også Utfordres av «deepfakes»: – Vi er våre egne fiender 

Deepfake