Hopp til innhold

Nyttårsbarn frå Selje

Etter to år med nyttårsbarn i Sunnfjord, var turen i 2009 komen til Nordfjord.

Året var vel fire timar gamalt då Asle Sneide og Silje Bakke Kongsvik frå Selje, vart stolte foreldre til ein nyfødd gut. Foreldrene har førebels ikkje bestemt noko namn.

- Natta vart fin den. Fødselen gjekk veldig bra og alt står bra til med både mor og barn, strålar Asle Sneide frå Selje.

Stolte sysken

Nyttårsbarnet 2009 kom til verda på Nordfjord sjukehus.

Han har førebels ikkje fått noko namn, nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane.

Foto: MMS-foto: privat

Klokka 04.14 den 1. januar 2009 kom familiens nye medlem til verda. Det var 26 minutt før nyttårsbarnet i Førde, og nøyaktig ni timar tidlegare enn nyttårsbarnet i 2008 . Ein krabat på 4.245 gram og 52 centimeter. Christoffer (6), Håvard (3) og Christian (16) er stolte brør, medan Iselin (12) er stolt syster.

- Dei to yngste er heime hjå besteforeldrene. Eg snakka med dei på telefon i dag. Dei tykte det var veldig kjekt, fortel Sneide.

Kom på morgonen

Paret kom i 06-tida på nyttårsafta inn til Nordfjord sjukehus. Først då 2008 vart til 2009 bestemte nurket seg for at no var tida inne til å helse på sine foreldre og den nye verda. Medan rakettane vart skotne opp i det langstrakte land, førebudde fødeavdelinga på Eid seg for årets første fødsel.

- Fødselen kom i gang over midnatt. Det viktigaste er at han er velskapt, men det er no litt kjekt at han også vart nyttårsbarn. Det var ikkje noko vi tenkte på eller planla. Ting måtte skje når det skulle skje, seier Sneide.

God start på året

Dermed vart det ein særs god start på det nye året for både familien frå Selje og for sjukehuset på Nordfjordeid. Alle nyttårsbarn ved sjukehuset får ei sølvskei. At nyttårsbarnet der også vart nyttårsbarn for Sogn og Fjordane , gler dei tilsette. I fjor var nyttårsbarnet frå Florø, medan nyttårsbarnet 2007 var ein førdianar.

- Det er alltid kjekt å vere den avdelinga som får nyttårsbarnet i fylket, seier jordmor Aud Jekteberg Nordpoll som tok imot årets første borgar i fylket.

I fjor kom 293 barn til verda ved sjukehuset i Nordfjord.

- Kom som ein rakett

Nyttårsbarnet på landsbasis kom til verda på St. Olavs hospital i Trondheim, der ei jente kom til verda 25 sekund over midnatt .