Hopp til innhold

Nyttårsbarn frå Førde

Klokka 05.48 vart nyttårsbarnet 2007 i Sogn og Fjordane fødd på Førde Sentralsjukehus.

Foreldra til den vesle jenta heiter Nina Karin Heggestad Skjerven og Frode Skjerven frå Førde.

Jenta vog 3500 gram og var 50 centimeter lang.

Kva ho skal heite er førebels ikkje bestemt, fortel dei stolte foreldra.