Hopp til innhold

Nyttårsbarn i Nordfjord

Klokka 04.14 kom årets første borgar i Sogn og Fjordane til verda.

Nordfjord sjukehus
Foto: Ottar Starheim / NRK

Barnet vart med det nyttårsbarn i Sogn og Fjordane. Første fødsel ved Førde sentralsjukehus skjedde klokka 04.40. Alt står bra til med både mor og barn.

- Fødselen gjekk veldig bra, fortel jordmor Aud Jekteberg Nordpoll ved Nordfjord sjukehus.

Fleire kom inn

Jekteberg Nordpoll fortel at det var fleire fødande som venta i desse tider og at det i løpet av nyttårsafta kom fleire fødande inn til avdelinga.

- Men det var ikkje mange som låg an til å bikke midnatt, fortel jordmora. Dette var første nyttårsbarn som Jekteberg Nordpoll har teke imot.

Første fødsel

- Eg har vore på vakt nyttårsaftan fleire gonger, men eg trur dette er første gang, seier ho. Fødestova i Lærdal gjekk inn i det nye året utan fødsel. Jekteberg Nordpoll vedgår at det er litt spesielt å få nyttårsbarnet.

- Det er alltid artig å vere den avdelinga som går sigrande ut av dette. Det kjekt å få nyttårsbarnet i fylket, seier ho.