Hopp til innhold

Nyttårsbarn frå Florø

Årets nyttårsbarn i Sogn og Fjordane kom til verda ved Førde sentralsjukehus tretten timar ut i det nye året.

Årets nyttårsbarn i Sogn og Fjordane
Foto: Bjarte Byttedal

Vesle Mina vart fødd 1. nyttårsdag klokka 13:14,  tre veker for tidleg.

Jenta vog 3236 gr og var 48 cm lang.

Dei stolte foreldra er frå Florø og heiter Mika Therese Sunnarvik og Bjarte Buttedal. Dette er deira andre barn.

Pappa Bjarte fortel at det står bra til med alle tre.