– Det har vore kjekt å skrive dikt, og at me kan seie kva me meiner om mobbing og slik, seier Thea Lundekvam.
I haust har ho og klassekameratane lært om mobbing, venskap, nestekjærleik og openheit. Så fekk dei i oppgåve å skrive dikt om dette.
Openheit i klasserommet
Utfordringa tok elevane på strak arm, og no er veggane kledde med poetiske vers om mobbing og venskap.
– Eg jobba med det ganske lenge for å få det til å rime. Men det var artig da, seier Hedda Førde Moen.
– Dei er flinke til å sette ord på det, kanskje endå betre enn vaksne ville vore. Ungar er meir opne og ærlege omkring desse temaa, seier Marit Moen. Ho er teamleiar for sjuandeklassetrinnet på Halbrend skule.
Bryr seg om flyktningane
Lærarane i sjuandetrinnet ynskte å sette fokus på eit aktuelt emne i undervisninga. Med mobbing, nestekjærleik og venskap som tema, har klasserommet vore arena for store og viktige diskusjonar dei siste vekene.
– Særleg aktuelt er det med alle flyktningane som kjem frå Syria. Å bry seg om andre er veldig viktig, seier Marit Moen.
Ho legg til: – Det er ikkje fordi me har spesielt mykje mobbing på sjuandesteget, men me har lyst til å skape gode relasjonar mellom elevane, i tillegg til eit godt læringsmiljø.
Mange hundre venskap
– Om nokon blir mobba, skal me spørje om dei vil vera med. Og så skal me seie frå til dei vaksne om nokon har det vondt, seier Thea Lundekvam.
– Trur dykk nokon blir mobba her på skulen?
– Ja, det er det. Kanskje 10. Men det er sikkert over 200 venskap! svarar Patrick Jensen.
- SJÅ OGSÅ:
- SJÅ OGSÅ: