Hopp til innhold

Nyt dei siste vinterdagane – no kjem mildvêret

Til helga snur vêret. Vi kan vente oss meir vind og høgare temperaturar.

Filefjell

KALDT OG KLART: Filefjell i vakker vinterdrakt ein kald vinterdag.

Foto: Jan Christian Jerving

Kong Vinter har innteke krikar og krokar av landet med bitande kulde og mykje snø.

Men no går vi mot eit vêrskifte der det blir mildare, men også svært vindfullt.

Det fortel statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

Men før vêrskiftet på laurdag, får vi nokre kalde morgonar i Sør-Noreg.

Klart vêr og lite vind gjer til at temperaturen kan krype ned mot 20 minusgrader enkelte stader i landet.

Ventar mykje vind

I nord får vi byevêr, snø og regn. Vestlandet og Trøndelag slepp heller ikkje unna litt byer dei neste dagane.

Det blir ganske kaldt enkelte stader ved inngangen til helga, men med store forskjellar lokalt.

Fredag startar med kulde og lite skyer og lite vind, men laurdag kjem det ei endring.

Då blir det mykje vind og storm ved Stad, Lofoten og Vesterålen.

– Vi kan vente oss høge bølger som vil merkast godt, seier Løvdahl, som oppmodar fiskarar om å følge med på varselet.

20 grader i forskjell frå aust til vest

Nokre stader på Nordvestlandet kan det bli mildt samanlikna med resten av landet. Årsaka er ein føneffekt, forklarar meteorologen.

Kontrasten blir stor til enkelte stader på Austlandet der temperaturen i nokre kuldehol kan krype ned til minus 20 grader.

– Det kan bli opp mot 20 grader i forskjell mellom aust og vest, seier Løvdahl.

Når det gjeld laurdagens vêrskifte, blir nedbørsmengdene slett ikkje «avskrekkande» fleire stader, ifølge meteorologen.

Men det kan vere lurt å ha strøsand og broddar klare, for dei stadane det kjem regn, kan det fryse til på den kalde bakken.

Flå i Hallingdal

Mange stader i landet har det kome store mengder med snø den siste tida. Her frå Flå i Hallingdal.

Foto: Bente Damengen Tollefsen

Tre nedbørsrekordar i aust

I Nord-Noreg slepp dei enn så lenge unna paraplyen, men det vil endre seg i løpet av dei neste dagane. Søndag må paraplyen fram, men det er fare for at den fort kan vrenge seg på grunn av kraftig vind.

Austlandet har fått ein rikeleg dose med snø, regn og sludd den siste tida.

Tre stasjonar har fått ny nedbørsrekord for januar allereie no. Dette gjeld Nesbyen, Kongsberg og Veggli.

Men til helga blir det altså lettare vêr for Austlandet sin del, og det er også håp om at sola kan vise seg.