Hopp til innhold

Sølvi finn ikkje fram på augeavdelinga – no blir sjukehuset tvinga til å rette opp

Augeavdelinga og sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus blei pussa opp for 30 millionar kroner. Men bygga har alvorlege manglar og diskriminerer svaksynte, slår Diskrimineringsnemnda fast.

Sølvi Marie Risøy

MANGLAR: For Sølvi Marie er foajeen i Sentralblokka som ein stor, open plass utan leielinjer som hjelper ho å finne fram.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Å vere blind eller svaksynt byr på mange ulike utfordringar, som det å komme seg frå A til B på ein trygg måte.

Det veit Sølvi Marie Risøy, som gradvis byrja å miste synet i vaksen alder. I dag er ho sterkt synshemma.

Det er difor eit lovfesta krav om universell utforming, som betyr at alle offentlege bygg skal vere forma ut slik at alle, uavhengig av funksjonsevne skal kunne bruke dei.

Men slik er det ikkje i den nyoppussa foajeen i Sentralblokka og i Augebygget på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Då Sølvi Marie besøkte sjukehuset som pasient i fjor haust, opplevde ho at det var umogleg å finne fram i bygget på eiga hand.

For det er det ho ønsker, å kunne vere så sjølvstendig som mogleg.

– Då tenkte eg at «dette kan eg ikkje godta lenger». Eg var framleis avhengig av andre for alt eg skulle gjere her, så då sende eg inn ein klage.

Sølvi Marie Risøy utenfor Augebygget

FINN IKKJE FRAM: Manglande leielinjer i golvet gjer at Sølvi Marie slit med å finne fram på sjukehuset.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

– Det gjer meg veldig trist

No har Diskrimineringsnemnda konkludert med at sjukehuset har brote regelverket ved å ikkje tilrettelegge for blinde og svaksynte då dei renoverte dei to bygga.

Nemnda er eit organ som avgjer klager knytta til diskriminering og trakassering, og er eit reelt alternativ til domstolsbehandling av slike saker.

Risøy meiner det er spesielt ironisk at augeavdelinga til Haukeland ikkje er forma ut med tanke på blinde og svaksynte, som trass alt utgjer ei viktig pasientgruppe her.

– Det gjer meg veldig trist. Eg har vore pasient her i 20 år og høyrer liksom til her, og så pussar dei opp utan å tilrettelegge for meg. Då kjenner ein seg lite velkomen.

Sølvi Marie Risøy.

TOUCH-SKJERM: For å velje etasje må ein trykke på ein touchskjerm. Den er umogleg å bruke for blinde.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Diskrimineringsnemnda: – Lang rekke manglar

Ifølge Diskrimineringsnemnda har bygga ei lang rekke til dels alvorlege manglar i den universelle utforminga, deriblant:

  • Leielinjer i golvet, som skal hjelpe blinde og svaksynte med å finne fram til viktige punkt i bygget, som til dømes resepsjon og heisar.
  • Farefelt i golvet som skal gjere personen merksam på farlege element, som til dømes ei trapp som går ned.
  • Oppmerksomheitsfelt som skal gjere personen merksam på noko, som til dømes ein heis eller ei trapp som går opp.
  • Taktile etasjeval i heisane, slik at symbola på knappane kan lesast av med fingrane.
Direktør i Diskrimineringsnemnda, Ashan Nishantha.

VEDTAK: Ifølge direktør i Diskrimineringsnemnda, Ashan Nishantha fann dei mange manglar ved dei nyoppussa sjukehusbygga.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

– Det er ei lang rekke manglar, så vi tenker det er ein del regelbrot her, seier direktør i Diskrimineringsnemnda, Ashan Nishantha.

Diskrimineringsnemnda har pålagt Helse Bergen å betale dagbøter på 5000 kroner, dersom manglane ikkje blir retta opp innan 1. mars 2022.

– Nemnda meiner at sjukehuset burde ha tenkt på dette i planleggingsfasen før bygga vart renovert, og vil difor bruke eit ekstra pressmiddel for å sikre at rettingane blir gjort innan kort tid.

Helse Bergen: Ikkje godt nok

Sjefingeniør ved prosjektkontoret til Helse Bergen, Geir Egil Pedersen vedgår at bygga har manglar.

Universell utforming er eit lovkrav. Kvifor har ein ikkje teke omsyn til dette i renoveringa av Sentralblokka og Augebygget?

– Det er teke omsyn til, men ikkje godt nok, dessverre.

Geir Egil Pedersen, sjefsingeniør ved Prosjektkontoret til Helse Bergen.

VIL GJERE ENDRINGAR: Sjefsingeniør har stor tru på at dei skal klare å rette opp i manglane innan 1. mars 2022.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Førre sommar fekk prosjektkontoret utarbeida ein rapport for kvart av bygga, som tok for seg manglane i den universelle utforminga. Desse rapportane vart så sendt til Diskrimineringsnemnda.

– Vi har no fått pålegg om å følgje opp våre eigne rapportar, og det aktar vi å gjere, seier Pedersen.

Ifølge Pedersen har oppussinga i Sentralblokka kosta mellom 25 og 30 millionar kroner. Han anslår at arbeidet i Augebygget kosta kring fem millionar kroner.

– Er det ikkje litt seint å skulle gjere desse endringane i etterkant?

– Jo, eg er einig i at det burde vore gjort i planleggingsfasen, men leielinjer har vore ei utfordring. Vår bekymring var at det skulle bli ein skog av leielinjer som ville gjere det vanskelegare å finne fram, men no veit vi kva vi skal gjere.

Mariann Fossum, dagleg leiar i Blindeforbundet sitt fylkeslag i Hordaland.

IKKJE IMPONERT: Dagleg leiar i Blindeforbundet sitt fylkeslag i Hordaland, Mariann Fossum er ikkje nøgd med at tilrettelegging for blinde blir gjort i etterkant.

Blindeforbundet: – Sansetapsgruppene blir gløymt

Ifølge Mariann Fossum, dagleg leiar i Blindeforbundet sitt fylkeslag i Hordaland, er ikkje dette godt nok.

– Å gjere endringar i etterkant betyr alltid at det blir dårlegare enn det kunne blitt, og det er veldig synd. Universell utforming er eit fagfelt, og då må ein hente inn ekspertise i planleggingsfasen, det er ein plikt å ha dette i orden.

Ho er nøgd med vedtaket Diskrimineringsnemnda har fatta.

– Dei sender eit veldig positivt signal ved å setje makt bak krava om at dette skal takast omsyn til. Vi ser det igjen og igjen, at sansetapsgruppene blir gløymt i planleggingsfasen av store prosjekt. Det er eit stort problem.

Les også: