Hopp til innhold

Eva veit alt om kor dårleg appar og nettsider funkar for blinde

Åtte år etter nytt krav kom på plass, møter blinde framleis på store problem digitalt. – Frustrerande og nedverdigande, seier blinde Eva Kirkevik.

Kvinne ser ned på mobilen, er blind og ser ikke hva hun ser på

PIZZAPROBLEM: Det er fullt mogleg å legge til rette for blinde også på appar og nettsider, men langt frå alle gjer det. Eva Kirkevik veit alt om det.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Nesten dagleg møter blinde og svaksynte på utfordringar i møte med appar og nettsider som ikkje er tilpassa dei.

– Eg oppdagar feil i dei fleste nettsider og appar, fortel Eva Kirkevik (41), som sjølv jobbar som rådgjevar i universell utforming av IKT i Bergen kommune.

Over fleire år fekk ho gradvis dårlegare syn, og er i dag heilt blind.

Det å kunne bruke digitale løysingar er spesielt viktig for blinde og svaksynte, fordi dei kan gjere meir sjølv og klare seg med mindre hjelp.

– Kvifor skal eg måtte spørje om hjelp, berre fordi nokon ikkje har gjort jobben sin når dei har laga ei nettside eller ein app? Det er frustrerande og nedverdigande, seier Eva.

Eva Kirkevik

LANG TID: For Eva Kirkevik kan berre det å bestille ein pizza ta 30-40 minutt, om det i det heile tatt går an.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Nettsider er koda feil

Det handlar om heilt enkle ting: Som å bestille seg pizza, handle daglegvarer på nett, sende søknader eller kjøpe billettar.

Med hjelp frå ein innebygd skjermlesar, kan blinde og svaksynte få lest opp innhaldet i ei nettside eller app.

Men om nettsida eller appen er koda feil, vil dei kunne få problem med å få lest opp innhaldet, fylle inn informasjon eller bruke knappane til å utføre handlingar som å bestille og betale.

Nettsida eller appen blir dermed tungvint å bruke. Det kan ta opp til 40 minutt å få bestilt ein pizza. I verste fall er det umogleg.

– Når knappen som heiter «bestill» ikkje verkar, så hjelper det lite om nettsida er veldig god elles, når du ikkje får gjennomført bestillinga, seier Eva.

I fjor meldte ho inn ein restaurantkjede til Diskrimineringsnemnda på grunn av manglande universell utforming av bestillingsappen. Det vart konkludert med brot på diskrimineringslova.

Eva Kirkevik

NEDVERDIGANDE: Blinde Eva Kirkevik seier det er både frustrerande og nedverdigande å ikkje kunna greia seg sjølv, når det gjeld så enkle ting som til dømes å bestilla ein pizza.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Vil rapportere fleire

Ifølge leiaren i Noregs Blindeforbund, Terje André Olsen, er dårlege digitale løysingar eit vanleg problem for blinde og svaksynte.

– Dei som skal lage nye nettsider og appar, må lage desse slik at alle kan bruke dei. Dei som alt har nettsider og appar med feil, må rette opp i desse, seier han.

Olsen oppfordrar dei som støyter på slike problem om å melde ifrå til Diskrimineringsnemnda.

– Det handlar ikkje om å «ta» verksemder, men at vi ønsker å vere sjølvstendige kundar. Difor vil vi melde frå om alle tilfelle vi finn.

Kan få dagbøter

Universell utforming av IKT har vore eit lovkrav sidan 2013. Nye appar og nettsider skulle vere universelt utforma innan 2014. Eksisterande nettsider og appar fekk frist til januar i år til å gjere endringar.

– Det har vore stor betring sidan 2014, men det er framleis ein veg å gå, seier direktør i Tilsynet for universell utforming av IKT, Malin Rygg.

Malin Rygg

POSITIV UTVIKLING: Direktør Malin Rygg i Tilsynet for universell utforming av IKT meiner det har vore betring i måten nettsider og appar er tilpassa blinde og svaksynte, men at det framleis er ein veg å gå.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Ein rapport utført av Proba Samfunnsanalyse i fjor viser at 70 prosent av personar med nedsett funksjonsevne, opplever avgrensingar med bruk av IKT.

Flyselskapet SAS vart trua med dagbøter på grunn av manglande universell utforming i 2018.

Bransjen einig med Eva

Administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Virke, Ivar Horneland Kristensen, meiner at universell utforming kan kome alle til gode.

– Det er generelt god butikk å få flest mogleg kundar, uavhengig av om dei kan sjå, høyre eller gå. Så det kan vere heilt avgjerande for lønnsemda, seier han.

No håpar Eva Kirkevik at fleire verksemder gjer dei digitale løysingane sine betre.

– Dei mistar mange gode kundar på denne måten. Universell utforming gjer at løysinga blir meir brukarvennleg for alle, seier ho.