Hopp til innhold

I den nye bussgata blir blinde Britt leia ut i uvisse

Olav Kyrres gate vart rusta opp for 200 millionar kroner for å gjera det lettare for alle å ferdast. Det har dei ikkje lukkast med, meiner Blindeforbundet.

Britt Nonås og Michael Sønnesyn

IKKJE TILRETTELAGT: Britt Nonås og Blinderforbundet meiner den nye bussgata i Bergen ikkje har tatt godt nok hensyn til blinde og svaksynte.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Olav Kyrres gate er den travlaste bussgata i Bergen. Britt Nonås som er blind og bruker stokk er avhengig av såkalla leielinjer for å finne fram mellom busstoppa.

Medan ho går langs gata på leit etter eit informasjonspunkt, så fører leielinjene henne rett forbi og ho må be om hjelp for å finne det.

Britt Nonås

INFO: Desse informasjonspunkta hjelper blinde og svaksynte med å få informasjon om busstider.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

– Dei sjåande tar det som ei sjølvfølge og tenker ikkje over at dei kan sjå på bussane kor dei går og lese informasjonstavlene. Den dagen du får bind for auga, og ikkje kan gjere det, så er det ein heilt anna situasjon, seier Nonås.

Universell utforming

I 2019 starta arbeidet med å rusta opp Olav Kyrres gate i Bergen. Arbeidet vart ferdigstilt i mai 2021 og vart gjort for å møte krava til universell utforming.

Prosjektet er finansiert av Miljøløftet og er eit samarbeid mellom ni partar, blant anna Bergen kommune, Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune.

– Det er ikkje mogeleg for blinde eller svaksynte å finne fram i denne gata utan hjelp slik det er no, seier fylkesleiar Mariann Fossum i Blindeforbundet.

Mariann Fossum i Blinderforbundet

UBRUKELEG: Mariann Fossum, fylkesleiar i Blindeforbundet sitt fylkeslag, meiner at den nye utforminga av Olav Kyrres gate er ubrukeleg

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Ho reagerer sterkt på den dårlege utforminga av gata. Ho påpeikar at blinde og svaksynte er ein av dei gruppene som er avhengige av å bli køyrt av andre, og difor treng eit kollektivtilbod som er tilrettelagt også for dei.

– Dei brukar fleire år og store summar på desse prosjekta, og når dei endeleg er ferdig så er dei totalt ubrukelege, seier Fossum.

Vil gjera endringar

– Målet med oppgraderingen av Olav Kyrres gate var å gjera det enklare å byta mellom buss og bane og gje god trafikktryggleik, seier Siri Korpelin Bernås i Statens vegvesen.

Ho seier dei har tatt omsyn til universell utforming blant anna ved å etablera leielinjer der bussen stoppar. Dei har også lagt taktile heller som er heller med mønster som blinde kan og svaksynte kan kjenne med føtene eller med stav.

Ifølge Bernås vart dei først gjort klar over dei manglande leielinjene til informasjonspunkta når NRK tok kontakt.

Siri Korpelin Bernås i Statens vegvesen

VIL GJERA ENDRINGAR: Siri Korpelin Bernås i Statens vegvesen seier dei er glad for tilbakemeldingane og vil gjera forbetringar.

Foto: Brynjar Osgjerd / NRK

Dei vil no kalla inn Blindeforbundet til synfaring for å få deira tilbakemeldingar direkte, og vil etter dette vurdera om det er nødvendig med ytterlegare tiltak.

– Me har i størst mogeleg grad prøvd å ta omsyn til alle trafikantgrupper, og så viser det seg at me kanskje ikkje har lukkast heilt. Så me vil så snart som mogeleg rette opp i dei manglande leielinjene, seier Bernås.

Grove manglar

Ifølge Blindeforbundet er det ikkje berre dei manglande leielinjene som er eit problem. Informasjonsstolpane er for tilfeldig plassert.

– Me har hatt tett dialog med Statens vegvesen om plassering av skilta og informasjonsflatene våre, seier direktør Målfrid Vik Sønstabø i Skyss.

Ho seier at blant anna plassmangel og infrastruktur i bakken har påverka plasseringen.

Mariann Fossum meiner utbyggarane gong på gong sviktar grovt i tilrettelegging for dei med funksjonsnedsettingar.

– Det er ikkje slik det skal vera. Informasjonen skal vera tilgjengeleg for synshemma i same grad som det er for andre, seier ho.