Hopp til innhold

Ny utgreiing om hydrogen

Ny utgreiing viser kva avvegingar vi står overfor dersom Noreg skal ta ein posisjon i ein framtidig hydrogenmarknad.

– Denne utgreiinga er eit viktig kunnskapsgrunnlag for det vidare arbeidet vårt med å byggje ei heilskapleg og lønnsam verdikjede for hydrogen med låge eller ingen utslepp, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Utgreiinga er gjennomført av Oslo Economics, i samarbeid med Sintef og Greensight og professorar ved NTNU, på oppdrag for Olje- og energidepartementet.