Hopp til innhold

Politiet vil ha fleire meldingar om hatkrim: – Grovt underrapportert

BERGEN SENTRUM (NRK): Mannen som kalla Camilla Ahamath «jødehatende rotte» seier til NRK at han trur politisaka blir lagt vekk. Politiet ber fleire koma til dei når dei blir truga eller håna.

Bergen sentrum politistasjon

BER OM FLEIRE MELDINGAR: Vest politidistrikt fekk berre inn 42 hatkrimsaker i fjor. Dei trur det er store mørketal.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

SV-politikar Camilla Ahamath har byta etternamn på to av ungane for at dei skulle sleppe trakassering ho har opplevd på grunn av etternamnet.

Etter å ha fortald om hetsen fekk ho fleire nye trakasserande meldingar. I ein av dei kallar ein mann ho «forbanna jødehatende rotte» og ber ho om å få kreft.

Måndag melde Ahamath forholdet ved Bergen sentrum politistasjon.

Camilla Ahamath leverer sin anmeldelse mot hets og trakassering

VIKTIG: – Eg kjem til å melda kvart einaste tilfelle framover, seier Camilla Ahamath. Ho håper fleire vil gjere som ho og melde hatefulle ytringar til politiet.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

– Ikkje ulovleg

– «Få deg kreft» er eit heilt vanleg bannord i nederlandsk språk, og på ingen måte verre enn uttrykket «dra til helvete». Det er jo mulitkulturalisme på sitt beste, som SV ber oss omfamna, seier mannen bak meldinga til NRK.

Han seier han skreiv til Ahamath på Facebook for å gjera henne merksam på at ho ikkje hadde eit muslimsk namn, men eit namn frå Sør-Asia. Tekstmeldinga sende han for å få ut frustrasjon over at ho i ein telefonsamtale skulda han for å skriva under falskt namn og deretter la på, fortel han.

Mannen, som er frå Austlandet, seier han tar lett på politimeldinga.

– Den vil bli lagt bort, fordi eg ikkje har brote norsk lov. Det er ikkje ulovleg å be nokon få kreft.

Hetsmelding sendt til Camilla Ahamath
Foto: Skjermdump

Hatkriminalitet blir underrapportert

Ahamath trur mange vegrar seg for å melde til politiet fordi dei er redde for reaksjonar frå den dei melder.

– Eg trur det er store mørketal, og eg trur det er viktig at både politiet og vi som samfunn får vite kor mange det faktisk er, seier Ahamath.

Og mørketala er store, stadfestar Pål Tore Haga, fagleiar for det førebyggande arbeidet mot radikalisering til valdeleg ekstremisme i Vest politidistrikt.

Ein diskriminerande eller hatefull ytring er å truga eller håna nokon. I 2017 blei det meldt 549 tilfelle av hatkriminalitet til politiet i Noreg, mot 466 året før.

. Riksadvokaten har bestemt at hatkriminalitet er eit av dei prioriterte saksfelta til politiet.

– Undersøkingar viser at det er ein grov underrapportering av hatkriminalitet. Difor er politiet opptekne av å bygga tillit til dei særskilt verna gruppene, med mål om at me ønskjer at forholda skal bli meldt, seier Haga.

Pål Tore Haga, Vest politidistrikt

MELD: Pål Tore Haga i Vest politidistrikt ynskjer at fleire av dei som opplever hatkriminalitet skal melde det til politiet.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Uklar grense

Men arbeidet Haga og kollegaane utfører på Bergen sentrum politistasjon er vanskeleg.

I Oslo blei det meldt 238 forhold på hatkriminalitet i 2018. Seks av ti saker var rasistisk motiverte. I Vest politidistrikt var det berre snakk om 42 saker.

Mange av desse blei lagt bort «på bevisets stilling».

Haga forstår at det blir opplevd som vondt for dei fornærma. Litt av utfordringa med straffelova er at det kan vera uklart når nokon tråkkar over streken.

– Ytringsfridomen i Noreg står sterkt. Det som Høgsterett har uttalt, er at det er vanskeleg å trekkja ei klar linje til når du er i straffelova og når du er utanfor straffelova. Det som blir lagt vekt på, er grovskapen i ytringa.

Meiner folk må få vite

Sjølv går SV-kandidaten ut frå at saka vil bli lagt bort. Men ho meiner det er viktig å setta fokus på problemstillinga.

– Politiet treng meir ressursar til dette, og folk treng å få vite at dette er eit problem. Eg trur det gjeld kvinner og minoritetar mest, og det må vi få ein slutt på.

Camilla Ahamath har tidlegare jobba som journalist i Bergens Tidende og NRK.