Hopp til innhold

Ny test slår alarm om berøringsskjermar i bil

Tysk rapport konkluderer med at skjermbruken i nye bilar «representerer ein stor tryggingsrisiko». Tesla kjem dårlegast ut.

I ein ny test har den tyske søsterorganisasjonen til NAF, ADAC, testa bruken av berøringsskjerm i nye bilar.

Rapporten konkluderer med at skjermbruken «representerer ein stor tryggingsrisiko».

Testen vart utført i samarbeid med User Experience Lab (UX-Lab) ved universitetet i Augsburg, som hadde ansvar for augesporing under vanlege sjåføroppgåver som å justere klimaanlegget eller radioen.

Bransjebladet Motor skriv at Tesla Model 3 presterte dårlegast av bilane og berre «så vidt unngjekk stryk» (Tesla har ikkje svart på NRK si henvending).

Testen vert motteke som ein vekkjar blant europeiske bilorganisasjonar, som no vil diskutere om det bør vere standardiserte krav til utforming og plassering av funksjonar.

Testen viser at bilprodusentane har ein veg å gå med å sikre at viktige funksjonar er lett tilgjengeleg for sjåførane. Vi ser at her er det store forskjellar. I bilane som kom dårlegast ut var risikoen for at du tek merksemda bort frå vegen stor, seier Ingunn Lauritzen Handagard i NAF.

Ho legg til:

Å stille klimaanlegg, finne nødblink og betene vindaugsviskarar er døme på funksjonar som bør vere intuitive, og det er opp til bilprodusentane å gjere dette så enkelt for sjåføren som mogleg.

Ingunn Lauritzen Handagard i NAF

– Testen viser at bilprodusentane har ein veg å gå, seier Ingunn Lauritzen Handagard i NAF.

Foto: NAF

Køyrer i praksis blindt i 60 meter

Mikkel Friis i Opplysningsrådet for vegtrafikk (OFV) kallar skjermane «ei utfordring som bilfabrikantane må løyse i samarbeid med dei som jobbar med trafikktryggleik». Det som gjer han håpefull er nye styringssystem som gjer at sjåføren kan snakke eller gestikulere til bilen.

– Her ser vi at det vert tatt steg i riktig retning.

Den tyske testen stadfestar funna i eit svensk eksperiment, som viser at folk bruker mykje lengre tid på navigere på skjermen enn dei brukar på tradisjonelle knottar og menyhjul.

Det er viktig at funksjonar er lett og intuitivt tilgjengeleg for førar. Om du som sjåfør må sjå bort i tre sekund i 80 km/t, køyrer du i praksis blindt i 60 meter, seier Kari Vassbotn i Trygg Trafikk.

Trygg Trafikk har tidlegare teke til orde for eit forbod mot all trykking som ikkje kan betenast gjennom eit multifunksjonsratt.

I juni kalla Vegvesenet inn til krisemøte etter det som har vore omtalt som ein norsk «ulykkessommar».

Noreg har hatt ein markant nedgang i drepne i trafikken dei siste 20 åra, men til no i år har 70 menneske mista livet på norske vegar. Det er meir enn dobbelt så mange som første halvår i 2021.

Har ikkje djupe analysar av dødsulykkene

Måndag uttalte Frank Sve (Frp) i Transportkomiteen på Stortinget at avtalen om «motorveg-slanking» bør revurderast i lys av alle dødsulykkene.

I svar på tiltale forklarte samferdselsminister Jon Ivar Nygård (Ap) at det enno var for tidleg å seie kvifor det har vore så «urovekkjande mange dødsulykker».

– Eg vil understreke at vi enno ikkje har djupe analysar av dødsulykkene i 2022, sa han.

Nestleiar i Naturvernforbundet, Pernille Hansen, meiner Frp bruker ulykkesstatistikken som brekkstong «til å pushe sin eigen dagsorden om firefelts motorveg».

Dei fleste dødsulykkene har skjedd på strekk med lite trafikk, der sjølv ikkje overdimensjonerte vegnormalar frå Frps tid i regjering ville gitt firefeltveg. Dersom Frp set nullvisjonen så høgt som dei seier, burde dei i staden jobbe for redusert fart. (Sjå faktaboks for tilsvar frå Frp.)

Ordfører Jon-Ivar Nygård, Fredrikstad (A)

– Eg vil understreke at vi enno ikkje har djupe analysar av dødsulykkene i 2022, seier samferdselsminister Jon Ivar Nygård (Ap).

Foto: Rune Fredriksen / NRK

Fleire forstyrrande element i bilen

Ein rapport frå Statens vegvesen (2019) viser at talet på ulykker aukar med 3,8 prosent når fartsgrensa vert endra frå 100 km/t til 110 km/t.

Vegvesenet og Nye vegar har i sommar foreslått nye vegnormalar som inneber smalare motorvegar og høgare trafikkterskel for når staten kan og skal byggje firefelts veg. Forslaga ligg no på bordet til samferdselsministeren.

I tillegg til fart, ein mogleg «covid-effekt» og vegstandard, har dei nye og større berøringsskjermane vore foreslått for å forklare auken i dødsulykker.

Cecilie Bryner i Trygg Trafikk fortel at dei er i gang med eit prosjekt for å sjå nærare på kor mykje berøringsskjermane distraherer sjåføren.

– Vi har ein teori om at det er fleire forstyrrande element i bilen, seier ho.