Hopp til innhold

Strid om ulykkessommaren bør få konsekvensar for vegbygginga

Meir enn halvparten av årets dødsulykker har skjedd på vegar med 80 km/t fartsgrense. Samferdselsministeren svarer at det er for tidleg å revurdere «motorveg-slankinga».

Trafikkulykke på E16 ved Seimsvatnet i Voss kommune.

VOSS: To personar mista livet i denne trafikkulukka tidlegare i sommar.

Foto: Bjørn Sandnes / Avisa Hordaland

Noreg har hatt ein markant nedgang i drepne i trafikken dei siste 20 åra (ned 71 prosent), og er det landet i verda med færrast drepne i trafikken per innbyggjar.

Men hittil i år har det vore kraftig auke i talet på omkomne, sjølv om sommartrafikken har vore rolegare enn venta.

Til no i år har 70 menneske mista livet på norske vegar. Det er meir enn dobbelt så mange som første halvår i 2021.

Talet på dødsulykker har skapt bekymring hos norske styresmakter, og tidlegare i sommar kalla Vegvesenet inn til krisemøte etter ei helg kor fire menneske omkom i trafikken.

I den samanheng braut dei ned ulykkene på vegtypar, fartsgrenser, talet på køyrefelt og trafikkmengd.

Samanfatta viser oversikta at det aller fleste av dødsulykkene (per 15. juni) har skjedd på tofeltsvegar med gul midtstripe (utan midtdelar) og på vegar med fartsgrense 80 km/t.

Ein historisk oversikt over ulykkestrenden på dei ulike vegkategoriane finst i denne rapporten frå 2020.

Til NRK seier Frank Sve (Frp) i Transportkomiteen på Stortinget at regjeringa si avtale med SV om «motorveg-slanking» bør revurderast i lys av «ulykkessommaren 2022».

Vi treng meir vegbygging. Ikkje mindre. Dei aller fleste ulykkene er på tofeltsvegar med høg fart. Fleire firefeltsvegar vil føre til færre drepne, seier han.

Vegvesenet og Nye vegar har i sommar foreslått nye vegnormalar som inneber smalare motorvegar og høgare trafikkterskel for når staten kan og skal byggje firefelts veg. Forslaga ligg no på bordet til samferdselsminister Jon Ivar Nygård (Ap).

Statsminister Jonas Gahr Støre og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

– Vi vil gjennomføre tiltak dersom trendar i ulykkesbiletet tilseier det, samferdselsminister Jon Ivar Nygård (Ap). Her saman med statsminister Jonas Gahr Støre.

Foto: Kjell Brataas / Samferdsledepartementet

Kan ikkje trekkje forhasta konklusjonar

I eit skriftleg svar til Frank Sve (Frp) skriv samferdselsministeren at det har vore «urovekkjande mange dødsulykker», men at det ikkje er haldepunkt for å uttale seg om vegforholda har vore medverkande til ulykkene.

Eg vil understreke at Vegvesenet enno ikkje har djupdeeanalysar for nokon av dødsulykkene som har skjedd i 2022, skriv han.

Han legg til at dei «vil gjennomføre tiltak dersom trendar i ulykkesbiletet tilseier det».

I 2002 vedtok Stortinget ein visjon om ingen drepne eller hardt skadde i vegtrafikken («nullvisjonen»).

Vi er einige med statsråden i at vi ikkje kan trekkje forhasta konklusjonar for dei ulukkene som enno ikkje er gjennomanalyserte, seier stortingsrepresentant for Høgre, Liv Kari Eskeland.

Men ho er «uroa for signala om nedskalering av viktige tiltak og vegprosjekt».

Reduksjon frå firefeltsveg til to- og trefeltsveg kan føre til fleire ulukker. At firefelts veg med midtdelar reduserer fare for ulukker er udiskutabelt, seier ho.

Arild Hermstad i MDG «håper Nygård vender det døve øyret til Frp sine lettvinte løysingar».

– Kvifor skal vi ha fire felt, når det held å få opp ein midtdelar? Vi har ikkje råd til å byggje alle dei brautande motorvegane Frank Sve ønskjer seg. Spesielt inn og ut av byane vil kapasitetsauke på motorvegane bidra til auka trafikk og auka forureining, som også tek mange liv.

Frank Sve

– Dei aller fleste ulykkene er på tofeltsvegar med høg fart. Fleire firefeltsvegar vil føre til færre drepne og skadde i trafikken, seier Frank Sve (Frp).

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Kan vere andre grunnar

Leiar i Stortingets transportkomité, Erling Sande (Sp), har teke til orde for å skalere ned bygginga av fleire store samferdselsprosjekt på Sørlandet, Austlandet, Vestlandet og i Trøndelag.

Konkrete prosjekt han vil utsetje er firefelts E6 i Gudbrandsdalen og i Trøndelag, Hordfast (E39) og firefelts E18/E39 på Sørlandet.

I likskap med samferdsleministeren meiner Sande at det er for tidleg å trekkje politiske lærdommar frå ulykkesstatistikken.

Vi treng meir kunnskap om kvifor vi har fått denne store auka. Vegstandard kan vere årsak til ulykker, men det kan også vere andre grunnar.

Teori om at det er fleire forstyrrande element i bilen

Fleire ulike teoriar og hypotesar har vore foreslått for å forklare auken i dødsulykker, seier forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt, Tor-Olav Nævestad.

Han presiserer likevel at det er for tidleg å seie noko kategorisk om årsakene, og at det kan handle om ein naturleg statistisk variasjon.

Talet på dødsulykker var uvanleg lågt i 2021. Når vi tek det i betraktning, så er det kanskje viktigare å forklare det låge talet på dødsulykker i 2021 enn å fokusere på 2022, seier han.

Dei siste åra har talet på drepne i trafikken per million innbyggjarar vore på rundt 20 i Noreg, medan snittet i Europa har vore på rundt 50.

Vi har ein teori om at det er fleire forstyrrande element i bilen, seier Cecilie Bryner i Trygg Trafikk.

Ho fortel at dei er i gang med eit forskingsprosjekt for å sjå nærare på kor mykje berøringsskjermane i nye bilar stel merksemda til sjåføren.

I ei undersøking frå juni oppgir 1 av 4 at dei har brukt mobiltelefonen medan dei køyrer.

I undersøkinga svarer 2 av 5 menn at dei har «god kontroll» og ikkje opplever at det er nokon risiko når dei bruker mobiltelefon i bilen.

Det er ein farleg tendens når vi veit kor distraherande telefonen kan vere, seier Bryner.