Hopp til innhold

Fleire motorvegprosjekt kan bli slanka etter budsjettavtalen

Regjeringa har gjort ein avtale om motorveg-slanking med SV utan å peike ut konkrete strekningar. Det skaper uro hos veghungrig Ap-ordførar. Fleire firefelts vegprosjekt kan vente seg endringar i planane.

Firefeltsvei med 110-fartsgrense

MINDRE SLIKT: E18 i Vestfold har fire felt og 110 km/t. Det blir truleg færre nye slike.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

– Vi kan ikkje nedskalere denne vegen, seier Rennebu-ordførar Ola Øie (Ap). Han snakkar om E6 sør for Trondheim som går gjennom kommunen hans.

Han ser no med uro på kva som vil skje med den planlagte firefelts utbygginga. Grunnen: Hans eige parti inngjekk ein avtale med SV om revidert nasjonalbudsjett.

Ola Øie

UROLIG: Ordførar i Rennebu, Ola Øie (Ap).

Ap, Sp og SV kunngjorde tysdag at dei skal «nedskalere store motorvegprosjekt».

I avtalen som er inngått på Stortinget heiter det heilt konkret at regjeringa skal «vurdere og fremme forslag om hvordan store prosjekter kan nedskaleres for å spare natur og matjord, samt spare kostnader og gi rom for en sterkere satsing på vedlikehold og oppgradering av eksisterende samferdselsinfrastruktur».

Firefeltsvegane under lupa

NRK har spurt ei rekke kjelder med innblikk i forhandlingane om kva vegprosjekt dette i praksis vil bety noko for.

Svaret er ikkje umiddelbart gitt.

For i sjølve forhandlingane har partia ikkje peika ut enkeltprosjekt som skal slankast.

Men delar av svaret ligg i innboksen hos samferdselsministeren. Fleire politiske kjelder peikar på at prosessane som er på gang hos Samferdselsdepartementet gir avgjerande føringar for vegkutt i framtida.

Det betyr at vegprosjekt som kan huke av på dei følgande kriteria kjem til å kome under lupa:

  • Prosjekt som ligg inne i gjeldande Nasjonal transportplan, men fortsatt er i planfasen, altså ein har ikkje byrja bygging.
  • Planlagt som firefelts veg, men har relativt låg trafikk.
  • Og ikkje minst: Prosjekt der det faglege arbeidet med nye vegnormalar viser at det er mogleg å nedskalere.

På slike prosjekt vil det vere mykje pengar å hente.

– Eg er redd for at vegen her skal bli nedskalert frå firefelt til 2/3-feltsveg, seier Rennebu-ordførar Ola Øie. – Vi har stor trafikk gjennom kommunen vår og vi vil ha ei enorm godsauke framover.

Vegen i hans region er ein av dei som kjem til å bli eit politisk tema vidare. Den er planlagt som firefeltsveg, men trafikkmengda er moderat.

Førebels Hordfast-skisse frå Statens vegvesen september 2021: Bru og tunnelpåhogg ved Ulvenvatnet

HORDFAST: Firefelts motorveg mellom Bergen og Stavanger med fjordryssingar er omdiskutert.

Illustrasjon: SVV

Fjordkryssinga Hordfast sør for Bergen er eit anna kjent vegeksempel som vil bli vurdert og bli tema for nye politiske forhandlingar.

Nye motorvegtankar

I forhandlingane om det reviderte statsbudsjettet spelte SV inn fleire konkrete vegprosjekt som partiet ønskte å gjere innsparingar på allereie i år. Det nådde dei ikkje fram med.

Regjeringa meinte det i dei fleste tilfella ikkje var mogleg å spare noko. For regjeringspartia Sp og Ap var det dessutan uaktuelt å kutte i prosjekt der ein allereie er i gang med bygging eller dette er rett rundt hjørnet.

Men Sp og Ap var komfortable med ein avtale som seier at dei skal sjå på omfanget av framtidige prosjekt. For det har dei allereie varsla.

Og dei lever godt med ei formulering som peikar på ein prosess som allereie er godt i gang: Samferdsledepartementet har bede Statens vegvesen og Nye veier om å kome med innspel til nye vegnormalar.

Det kan verke teknisk, men det er betydningsfullt.

I forslaga som vart sendt til departementet dagen etter avtalen om revidert budsjett, peikar Statens vegvesen og Nye Veier på at det er mogleg å bygge mindre arealkrevjande motorvegar med lågare fart.

Vegvesenet sitt forslag vart først omtalt i VG, og det medfører:

  • Høgare trafikkterskel for når ein kan bygge firefelts veg. I dag kan det byggast når det er 6000 bilar i døgnet («årsdøgntrafikk»). Vegvesenet foreslår å heve grensa til 8000. Nye Veier er einig i dette, men peikar på at det ikkje vil gjelde så mange prosjekt.
  • Høgare trafikkterskel for når det skal vere firefelt og 110 km/t. I dag er terskelen 12.000 bilar i døgnet, Statens vegvesen meiner den kan bli heva til 15.000. Nye Veier er ikkje einig i dette.

– Mange to- og trefeltsvegar som vart bygde på 90-talet vart for små etter få år. Å bygge nytt etter nokre få år er dyrt for samfunnet og dårleg for klima og miljø, seier Christian Altmann, kommunikasjonsdirektør i Nye Veier. Men politikarane avgjer til slutt.

  • Lågare fart. Vegvesenet ønskjer fleire firefeltsvegar med 90 og 100 km/t fartsgrense. Dette er Nye Veier einig i.
  • Fleire smalare motorvegar. Både vegvesenet og Nye Veier meiner ein kan gå frå 23 til 20 meter breidde på fleire motorvegar.
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) mener det er åpenbare fordeler med å velge kollektivt over el-biler.

VURDERE: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Foto: Pål Hansen

Nye Veier skriv om det siste punktet at det er mogleg å spare 150 millionar kroner per mil på ein slik breiddereduksjon.

Samferdsleminister Jon Ivar Nygård (Ap) seier ikkje noko om forslaga utover ein skriftleg kommentar om at «neste skritt vil være at Samferdselsdepartementet vurderer forslaget til endringer i veinormalene og vurderingen som er gjort for prosjektene».

Men lista over firefelts vegprosjekt som ligg inne i Nasjonal transportplan viser i praksis kvar handlingsrommet er.

I tabellen under har NRK lista opp firefeltsprosjekta slik at dei med lågast trafikktal kjem først. Enkelte prosjekt er lange strekningar der det er ulike trafikktal på forskjellige punkt på vegen.

Planlagte vegprosjekt med fire felt på heile eller delar av vegen

Strekning

Fylke

Køyrety per døgn

Utbyggar

E39 Ålesund-Molde

Møre og Romsdal

6700-18100

Statens vegvesen

E39 Mandal-Lyngdal øst

Agder

7900-27100

Nye Veier

E6 Ulsberg-Melhus

Trøndelag

8300-17200

Nye Veier

E39 Lyngdal vest -Ålgård

Agder/Rogaland

10300-13100

Nye Veier

E6 Moelv-Øyer

Innlandet

10600-25300

Nye Veier

E6 Åsen-Steinkjer

Trøndelag

10800-21300

Nye Veier

E16 Arna-Stanghelle

Vestland

11000

Statens vegvesen

E134 Kongsberg - Notodden (Saggrenda-Elgsjø)

Viken/Telemark

11-12000

Statens vegvesen

E16 Kløfta-Kongsvinger

Viken/Innlandet

12000-21200

Nye Veier

E39 Hordfast Stord - Os

Vestland

13000

Statens vegvesen

E39 Ålgård - Sandnes (Hove)

Rogaland

13500 – 33000

Statens vegvesen

E18 Bamble-Tvedestrand

Agder/Telemark

13700-14900

Nye Veier

Rv 19 Moss

Viken

13900 – 35400

Statens vegvesen

Rv. 25 Hamar-Løten

Innlandet

13700-24400

Nye Veier

E18 Arendal-Grimstad

Agder

17300-30800

Nye Veier

Rv. 4 Gjøvik-Moelv

Innlandet

17800-27500

Nye Veier

E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2

Viken

21000

Statens vegvesen

Rv 36 Grenland

Telemark

22000-29000

Statens vegvesen

E18 Retvedt-Vinterbro

Viken

24000

Statens vegvesen

E18/E39 Ytre ring Kristiansand

Agder

26400

Nye Veier

E39 Vågsbotn-Klauvaneset

Vestland

27000

Statens vegvesen

Rv 22 Glommakryssingen

Viken

27000

Statens vegvesen

E134 Dagslett til E18 Lier

Viken

31700

Statens vegvesen

Ekspander/minimer faktaboks

Statens vegvesen skriv at dei har gått gjennom prosjekta sine med tanke på om dei bør endrast viss vegnormalane blir endra.

E134 Kongsberg - Notodden og E18 Retvedt - Vinterbro kan då bli nedskalerte, skriv dei.

Mens dei «førebels ikkje» foreslår endringar på Hordfast på grunn av normalendringar. På dei andre vegvesenprosjekta skriv dei at dei ikkje planlegger eller tilrår endringar.

Nye Veier seier til NRK at dei vurderer standard, vegbreidde og fart på dei fleste av prosjekta dei har ansvar for, men at dei ikkje vil spekulere i kva som er mogleg enno.

Ikkje alltid det dyraste

I regjeringspartia har ein opplevd at SV vil gå langt i å droppe vegprosjekt. Det har ikkje Sp og Ap vore interesserte i no.

Men både utfallet av revidertforhandlingane og dei faglege innspela til Samferdseldepartementet peikar ut ein vegpolitikk der ein kan spare store kostnader og areal. Det er regjeringa meir interessert i.

Vi må over på ei tid som dekker bilistane sitt behov, seier Geir Pollestad, som forhandla budsjettavtalen for Senterpartiet i Stortinget.

Ny kompensasjonsordning for pelsdyrbøndene

FORT, TRYGT, MEN BILLIGARE: Det er Geir Pollestad (Sp) sine mål for nye vegprosjekt.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Dei skal få lov å køyre fort og trygt, men med litt mindre bompengar og litt mindre utbyggingskostnader og belastning for lokalmiljø.

Pollestad vil ikkje kommentere kva enkeltprosjekt som kan merke konsekvensen, og seier det var viktig for regjeringspartia å ikkje diskutere enkeltvegar i forhandlingsrommet.

Men det betyr at prosjekt innanfor gjeldande nasjonal transportplan blir nedskalerte?

Ja, det må vi sjå om er mogleg utan at det går utover tilbodet til bilistane. Det vil vere heilt avgjerande for oss. Men vi meiner at det er rom for å nedskalere mange samferdsleprosjekt og bygge noko enklare standard. Det treng ikkje alltid vere det dyraste alternativet som blir valt.

– Kva betyr dette avtalepunktet slik SV les det?

Torgeir Knag Fylkesnes

TA NED: SVs Torgeir Knag Fylkesnes.

Foto: Anne Sofie Rønnfeldt / NRK

Vi ønskjer å ta ned den voldsomme satsinga i Nasjonal transportplan på motorvegar med mange felt for bilar og istaden bruke midlane på bruksvegar i distrikta, jernbane og grønn infrastruktur, seier stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes som har vore med i forhandlingsprosessen for SV.

– Vi ønskjer at desse endringane skjer allereie frå hausten av, seier Fylkesnes, og peikar på forhandlingane om statsbudsjettet for 2023. Også regjeringspartia sine representantar peikar på at forhandlinga i haust blir viktig for framtida til fleire av vegprosjekta.

– Kva for nokre enkeltprosjekt vil SV nedskalere?

– Fleire av europavegane, blant anna fleire av prosjekta på ferjefri E39, men også fleire prosjekt på austlandsområdet, seier Fylkesnes.

Senterpartiets Erling Sande, som er leiar i transportkomiteen på Stortinget, drog i gang debatten om nedskalering av prosjekt tidlegare i år.

No seier han at innspela til Samferdselsdepartementet opnar for å redusere prosjekt akkurat slik han ønskjer.

Eg opplever at Statens vegvesen gjev ei fagleg støtte til den debatten eg og Sp løfta i vinter. Vi må bygge smartare og gjenbruke meir av den infrastrukturen vi har. Grepa dei ønskjer er dei same som vi peika på, større fleksibilitet med tanke på fart, at vi kan bygge motorvegar til 90 og 100 km/t i tillegg til 110, høgare trafikkterskel for å bygge dei store prosjekta og sjanse til å bruke meir smal firefeltsveg.

AKTUELT NÅ