Hopp til innhold

Ny sjef på DNS: – Eit godt arbeidsmiljø må ligge i botn av eit teater

Solrun Toft Iversen er tilsett som ny sjef ved Den Nationale Scene i Bergen og tiltrer i juni 2023. Då håpar ho DNS skal få merksemd for relevant teater framfor personalkonfliktar.

Solrun Toft Iversen på Den Nationale Scene

KJENNER DNS: Toft Iversen har utdanning frå Aarhus og Bergen, og har tidlegare jobba som sjefdramaturg ved DNS.

Foto: Marion Hestholm / NRK

Solrun Toft Iversen kjem frå stillinga som teatersjef ved Det Vestnorske Teateret i Bergen, og er tilsett der fram til sommaren 2023.

– Det Vestnorske Teateret har vist at det går fint å ha eigne nisjeteater i ein by på Bergen sin storleik. Men DNS er ein annan institusjon med ein litt annan samfunnsoppgåve, difor blir repertoaret annleis. Mitt teatersyn, mi oppfatning av kvalitet, og ikkje minst mitt store ønske om å stå i ein levande dialog med publikum, det vil eg ta med meg vidare.

DNS er den viktigaste institusjonen for scenekunst på Vestlandet. Teateret har status som nasjonal kulturinstitusjon og vert finansiert over statsbudsjettet.

Turbulens

Når Stefan Larsson går ut av stillinga har han leia DNS sidan januar 2020. Larsson har fått kritikk for å vere lite til stades på teateret, ta for mange oppdrag i Stockholm, og å overlate mykje av dagleg drift til HR-sjef Hanne Jacobsen.

Teatersjef Stefan Larsson ved DNS

Stefan Larsson har vore teatersjef ved DNS sidan januar 2020.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Både Bergensavisen og Bergens Tidende har skrive om konflikten rundt arbeidsmiljøet på huset. Tidlegare medieansvarleg Ole Friele brukte ord som fryktkultur og trakassering i et avskilsbrev til teatersjefen.

Det har vore mykje turbulens ved DNS. Korleis vil du skildre situasjonen teateret er i no?

– Eg kjenner til turbulensen og er trist for det, men eg er ikkje den rette til å seie noko om status i dette no. Etter det eg forstår, så går føre seg det gode prosessar, og fram til juni 2023 er det Stefan Larsson som har hand om dette, og eg er sikker på at han gjer det på ein god måte.

Solrun Toft Iversen på pressemøte som ny DNS-sjef

KJENNER TIL TURBULENSEN: Vi skal hugse på at DNS ikkje berre er folket og staten sitt teater, men også teateret til alle dei som jobbar her.

Foto: Marion Hestholm / NRK

– Eg er ikkje i tvil om at eit godt arbeidsmiljø med gjensidig anerkjenning og respekt må ligge i botnen av eit teater med gjennomslagskraft. Eg trur på å anerkjenne det som finst av utfordringar og møte dei på ein open og involverande måte.

Må bety noko

Toft Iversen meiner teateret må vere relevant for publikum.

– Relevans handlar heilt grunnleggande om at både vi og publikum må kjenne at det betyr noko. Ei av teateret sine viktigaste oppgåver er å leggje til rette for at vi som menneske forstår kvarandre litt betre. Vi skal jobbe med materiale og historier som kan tilføre noko til den tida og dei utfordringane vi står i som menneske.

Solrun Toft Iversen

LOKALE KREFTER: Eg er opptatt av kva som finst av ressursar i det som spring ut av regionane.

Foto: Ingfrid Hole Fossåskaret / NRK

Nyttig røynsle

Toft Iversen vart teatersjef ved Hordaland Teater i 2017, og var med på å flytte dette til sentrum og utvikle Det vestnorske Teateret i Bergen.

Katrine Trovik er styreleiar for DNS. Ho har leia arbeidet med å finne ny sjef ved teateret.

Katrine Trovik, styreleiar ved DNS

FUNNE DEN RETTE: – Vi har vore på jakt etter ein leiar som har sterk kunstnarleg profil og gode leiareigenskapar, seier styreleiar ved DNS, Katrine Trovik.

Foto: Marion Hestholm / NRK

– Er tilsetjinga av Toft Iversen ein del av løysinga på problema ved DNS?

– Eg vil ikkje seie det på den måten, men når ein skal tilsette ein teatersjef, så spelar det inn kva behov teateret det har. Toft Iversen har unik røynsle med å leie eit teater gjennom flytting, og det vil vere spesielt nyttig når teateret skal gjennom ein stor oppussingsprosess. I tillegg har vi lagt vekt på å tilsetje ein leiar som er til stades.

Den Nationale Scene

OPPUSSING: DNS skal pussast opp. Då må verksemda ut av bygget på Engen og gå føre seg på andre arenaer. Solrun Toft Iversen ser moglegheiter i endringane, seier styreleiar Katrine Trovik.

Foto: Marion Hestholm / NRK

Må overlevere eit fungerande teater

Arne Kambestad er tilsetterepresentant i styret. Han er hundre prosent sikker på at det Solrun Toft Iversen er det beste valet av leiar for DNS

–Toft Iversen skal ikkje få ansvaret for å løyse problema med arbeidsmiljøet ved DNS, men vi har tillit til at ho vil gjere ein god jobb i fortsetjinga av arbeidet.

– Vi har prosessar i gang på teateret no, mellom tillitsvalde og leiinga, og det vil vere Stefan Larssons oppgåve å overlate teateret i ein stand der ting fungerer i alle ledd, seier Kambestad.

Eit godt val

– Tilsettinga av Solrun Toft Iversen som ny sjef ved DNS er eit godt val, seier Hilde Sandvik, tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende og programleiar for Norsken, svensken og dansken på NRK.

Hilde Sandvik

KJENNER HUSET: – Valet av Solrun Toft Iversen som ny DNS-sjef er godt, og ikkje heilt overraskande, seier Hilde Sandvik.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Toft Iversen kjenner huset, og veit kor skoen trykkjer. Dessutan bur ho i byen, og har gjort mange gode grep ved Det Vestnorske Teateret. Så eg har tru på dette, seier Sandvik.